Hopp til innhold

Omkom i arbeidsulykke

Ein mann mista livet i ei arbeidsulykke på Ulefoss onsdag føremiddag.

Omkom i arbeidsulykke
Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Mannen i 40-åra var frå Midt-Telemark.

Han var i arbeid for Midt-Telemark Energi og falt ned under arbeid på ei mast.

Mannen blei alvorleg skadd, og kjørt til sjukehuset, men døydde seinare av skadene.

Årsaka til dødsulykka er ikkje klarlagt. Arbeidstilsynet er kobla inn i saka.

Politiet fekk melding om ulykka litt etter klokka ti i føremiddag.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark