Hopp til innhold

Kamp om musikk og drama

Folkemusikkmiljøet i Telemark kastar seg inn i kampen om eit nytt skuletilbod i Telemark.

- Ei ny linje for musikk, dans og drama må ligge i Bø og bli prega av folkemusikktradisjonar, seier Sara Fjågesund i Telemark folkemusikklag.

I juni skal fylkespolitikarane avgjøre om eit nytt studietilbod i musikk, dans og drama utanfor Grenland skal leggast til Bø eller Notodden vidaregåande skule.

Startar i august

Viss vedtaket blir gjort på fylkestinget i juni, kan den skulen som får linja starte første klasse med 30 elevplassar i august neste år.

Drakampen har pågått lenge mellom dei to skulane, og dette ser no ut til å bli ein tradisjonell lokaliseringskamp som fylkespolitikarane må ta stilling til.

Birger Thorsen som jobbar med å planlegge musikk, dans og drama ved Notodden vidaregående skole seier at undersøkinga blant elevane viser at det er ulike meininger om kor linja bør ligge.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark