Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
- Strid om jettegryter i Nissedal - reporter Bo Lilledal Andersen
Kraftselskapet Agder Energi Produksjon vil kjøpe seg fri for 100.000 kroner, og skuve ansvaret over på kommunen og grunneigarane.
Dersom det skjer trugar grunneigarane med å stenge bilvegen inn til jettegrytene med bom.
Striden handlar om eit naturleg badeland skapt gjennom tusenvis av år på steinbotnen av elva Fyresåna. Då elva blei regulert og vatnet forsvann, kom jettegrytene fram.
Blir besøkt av 10.000 menneske
I 1999 blei jettegrytene i Nissedal berømt over heile landet etter ein stor artikkel i Aftenposten.
Samstundes blei jettegrytene kåra til årets badeplass her i NRK Buskerud, Vestfold og Telemark.
Dermed blei ein badeplass for lokalkjente brått eit nasjonalt turistmål. No blir det naturlege badeanlegget besøkt av meir enn 10.000 menneske i året.
Vegen fram til jettegrytene er like spektakulær som badeplassen. Ei 900 meter lang tømmerrenne opp under tretoppane, er kortaste veg frå bilparkeringa.
Tømmerrenna i Nissedal som fører fram til jettegrytene. Foto: NRK
I fjor blei tømmerrenna stengt fordi kraftselskapet ikkje ville betale for reparasjonar, og meinte renna var farleg.
Ordføraren meiner kraftselskapet må ta ansvar
No vil Agder Energi Produksjon skuve heile ansvaret for jettegrytene og tømmerrenna over på grunneigarane og kommunen.
Ordførar i Nissedal, Øyvind Tveit, er ikkje nådig i sin kritikk av kraftselskapet.
- Eg kan ikkje sjå at det er rett å skuve ansvaret over på grunneigarane eller kommunen. Dette er noko kraftselskapet har bygt for å tene pengar. Eg synest dei bør ta ansvaret, seier Tveit.
- Det primære for oss er tryggleiken i området, seier Ole Dønnestad, direktør i Agder Energi Produksjon.
Han meiner det vil bli ei utfordringa å kombinere kraftverksdrift og turisme, men Dønnestad seier dei vil gå i ein dialog med kommunen.