Hopp til innhold

Vil stenge innfartsvegane

Politiet vil stenge innfartsvegane til Notodden kvar kveld dei neste dagane for å avgrense rånaraksjonane.

SE VIDEO: RÅNERNE MØTER POLITIET

Råner politikontroll Notodden
Foto: Jonas Rydén / NRK

Politiet har sett inn ekstra mannskap frå UP og andre delar av Telemark for å møte rånardemonstrasjonane.

Fungerande stasjonssjef på Notodden, Arne Skogen, seier at det var ein vellukka aksjon onsdag kveld då meir enn hundre rånebilar vart nekta adgang til byen.

Held fram aksjonane mot helga

Rånartalsmann Espen Kittilsen seier at rånarane vil halde fram med aksjonar i dagane som kjem.

- Vi kjem til å mobilisere med tekstmeldingar og håpar på sympati frå rånarar på heile Austlandet, seier Kittilsen.

Han seier rånarane kjem til å halde fram til Storgata på Notodden blir opna igjen. Til helga er det venta at så mange som 300 rånebilar vil ta turen mot Notodden.

Rånarkortesje Notodden

Det blir nye rånaraksjonar fram mot helga.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Politiet vil vise bort sympatisørar

- Vi kjem til å ha kontrollar ved alle innfartsvegane også i helga, seier Skogen ved Notodden politistasjon.

Målet er å demme opp for tilsiget av rånarsympatisørar som vil kome til Notodden.

- Vi vil ha politipatruljer som vil stå på strategiske stader ved innfartsvegane som vil stoppe all trafikk og luke ut det vi meiner er rånersympatisørar og sende dei tilbake der dei kom i frå, seier Skogen.

Han meiner politiet hadde god erfaring med dette natt til torsdag då om lag hundre rånebilar måtte snu.

Rånar og politi

Rånartalsmann Espen Kittilsen møtte fungerande politimeister i Telemark, Vibeke Hein Bæra natt til torsdag.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Brannstifting skjedde etter aksjonen

- Eg trur det var ei klok handling som folk på Notodden hadde god nytte av, seier Skogen som meiner rånarane oppførte seg bra under demonstrasjonen sist natt.

- Men det var nokon brannstiftarar som ikkje fekk med seg det som politiet og rånarane blei samde om i tre-tida på natta. Og aksjonen var eigentleg over når det brannane blei stifta om morgonen.

Skogen seier at dialogen med rånarmiljøet på Notodden har vore god, men politiet har gjort det klart at dei vil slå knallhardt ned på dei som gjer noko ulovleg.