Hopp til innhold

Vil endre politivedtektene

KrF vil endre politivedtektene slik at kommunen kan bli fri for speleautomatar.

Støttar fjerning av speleautomatar
Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Ordførarkandidat for KrF, Tor Andre Ljosland, går inn for å endre politivedtektene i kommunen slik at Notodden kan speleautmatfri.

Eit samrøystes kommunestyre i Notodden har sagt nei til speleautomatar i kommunen.

- Då synest eg det er naturleg at vi går eit steg vidare og ser på korleis vi kan få det til, seier Ljosland.

Set sin lit til justisministeren

KrF på Notodden meiner det er mogleg å bruke politivedtektene og ta inn ei regelendring der.

- Det er politiet som i dag gjeve løyve til å sette ut speleautomatar. Politivedtektene kan endrast slik at det ikkje lenger blir lov å gje løyve, seier Ljosland.

Han meiner det vil vere naturleg å seie nei til Norsk Tipping sine automatar når dei løyva som gjeld no går ut.

Ei endring av politivedtektene må til Justisdepartementet for godkjenning. Ljosland er spent på korleis det vil gå.

- Vi veit regjeringa si haldning. Men når justisministeren skal vurdere det, så håpar vi det blir lagt vekt på lokal sjølvråderett, seier Ljosland.