Hopp til innhold

Gratis barnehage og SFO

KrF foreslår gratis barnehage og SFO til barn nummer tre.

Mat i barnehagen
Foto: NRK

KrF i Notodden foreslår gratis barnehage og SFO til barn nummer tre for å snu den negative utviklinga i folketalet i kommunen.

Forslaget er teke med i partiprogrammet til KrfFi Notodden kommune.

Vil bli barnevennleg

Forslaget går ut på at KrF vil gje det tredje barnet i ein familie gratis barnehage og skulefritidsordning.

- Barn nummer to skal få 50 prosent syskenmoderasjon, seier Tor Andre Ljosland som er ordførarkandidat for Notodden KrF.

Ljosland kjenner ikkje til at dette er foreslått eller gjennomført i andre kommunar, men meiner gjennomføringa rent praktisk er enkel.

- Viss kommunen sørgar for å bli barnevennleg kan det føre til auke i folketalet, seier Ljosland.

Han meiner kommunen vil få tilført pengar frå staten som vil dekke delar av utgiftene.

 

 

 

 

 

Bjarne Bakken

Ordførar Bjarne Bakken i Notodden kommune.

Foto: NRK

 

Får politisk støtte i kommunen

Bjarne Bakken som er ordførar for Ap i Notodden kommune synest forslaget er konstruktivt.

- Eg kunne godt tenke meg å vere med på å støtte eit slikt forslag. Største utfordringa for kommunen er å auke folketalet, seier Bakken.

Nils Bjørnflaten er formann i Notodden Frp. Han meiner kommunen må sjå på den økonomiske sida.

- Viss vi får økonomiske overføringar for staten som tilsvarar utgiftene vil vi sjølvsagt støtte dette, seier Bjørnflaten.