Hopp til innhold

Påstand om fengsel i sju år

- Ein brutal, massiv og gruoppvekkande utøving av vald. Slik skildra aktor Arnfinn Hval drapet på den somaliske kvinna op Ulefoss 31. august i fjor. 

I si prosedyre sa Hval at handlinga bar preg av å vere ei rein avretting.

- Dersom jenta hadde vore eldre ville påtalmakta ha hevda at drapet var gjort under særs skjerpa omstende, sa Hval.

Aktor la ned påstand om sju års fengsel for den somaliske jenta som er tiltalt for å ha drepe si eiga mor på Ulefoss i fjor.

I tillegg meiner påtalemakta at jenta skal bli frådømt retten til å arve mora.

Har planlagt drapet

Påtalemakta meiner jenta har planlagt drapet.

Blant anna fordi jenta i forkant av drapet snakka om å stikke noen med kniv, og fordi ho lånte ein kniv av ei skuleveninne dagen drapet skjedde og at ho skal ha stukke mora med kniv mens ho sov. 

Påtalemakta hevdar at livssituasjonen ikkje kan ha noko å seie for spørsmålet om ho har planlagt drapet.

Alderen relevant for straffeutmålinga

Aktor Arnfinn Hval viste til eit politiavhøyr med jenta, der ho skal ha fortalt at ho hadde tenkt over den vanskelege situasjonen ho var i, og korleis ho skulle kome seg ut av den.

Då hadde jenta tenkt på å drepe mora.

Hval meiner det berre er alderen til jenta som bør vere relevant for straffeutmålinga.

- Den låge alderen til jenta er det einaste argumentet for redusert straff, sa Hval.

Den somaliske jenta er 16 år gamal.

Krev erstatning til brørne

Dersom retten ikkje meiner jenta har planlagt å drepe mora, meiner påtalemakta at ho subsidiært bør må dømmast for forsetteleg drap.

Bistandsadvokaten, som representerer dei to yngre brødrene, har lagt ned påstand om at jenta må dømmast til å betale om lag 1,7 millionar kroner i erstatning til brørne.