Hopp til innhold

Nynorsk er framandspråk

Nynorsk er eit framandspråk i Heddal.

Nynorsk eller bokmål?
Foto: Stine Hansen / NRK

Per Simones som har to barn på Yli skule i Heddal meiner nynorsk er eit framandspråk i Notodden kommune.

Den 10. mai er det folkerøysting om målforma ved Yli skule som har nynorsk som opplæringsmål i dag.

Foreldrene vil ha bokmål

- Eit fleirtal av foreldrene ved skulen ønskjer bokmål som målform, seier Simones. Han er ein av foreldrene som krev folkerøysting.

Per Simones er sjølv Heddøl og brukar nynorsk.

- Eg trur det er bra for alle at vi får bokmål på Yli skule, seier han.

Simones seier at ungane startar med å lære eit framandspråk som nynorsk. Og det fører til mange problem får ungane.

- Min unge seier at han hatar nynorsk. Og det er vondt å høyre for ein far som eigentleg er nynorskmann. Det er veldig uheldig at ungane startar med eit framandspråk, seier han.

Ordføraren synest det er synd

Ordførar Bjarne Bakken er sjølv heddøl og synest det er synd at nynorsk blir borte frå Yli skule om det blir fleirtal for bokmål ved folkerøystinga 10. mai.

- Eg prøvar sjølv om halde målet og profilere det. Men i dag opplever vi at foreldrene snakkar heddøl, mens ungane som veks opp snakkar bymål, seier Bakken.

Han meiner Heddal vil misse noko av kulturarven. 

 

 

 

 

 

Bjarne Bakken
Foto: NRK