Hopp til innhold

24 skrivefeil i annonse

Fann 24 skrivefeil i ei stillingsannonse.

24 feil i annonse
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Olav Nordstoga i Vinje mållag fann 24 skrivefeil i ei stillingsannonse frå Vinje kommune.

Han er fortvila over språkbruken i kommunen som har nynorsk som administrasjonsmål.

- Ei salig blanding av bokmål og nynorsk, seier Nordstoga som krev at ordføraren strammar opp språkbruken. 

Skuffa

Det var ordlyden i ei stillingsannonse i fylkesavisa TA den 9. mars som fekk begeret til å renne over for Vinje mållag.

- Det er skuffande at ein nynorskkommune ikkje er meir medviten om språkbruken i offentlege samanhengar, seier Nordstoga til TA.

Han kan vise til fleire uheldige tilfelle, men seier at stillingsannonsa slår alle rekordar.

Lovar betring

Ordførar Arne Vinje er lei for den lite konsekvente språkbruken som har vore i ymse annonsar og skriv frå Vinje kommune.

- Dette er slikt som ikkje bør skje. Vi har gode rutiner for å unngå direkte språkelege feil, men det er tydelege at desse må skjerpast, seier Vinje. 

Han seier at kommunen er stolt av både dialekt og nynorsk og ønskjer å profilere seg på denne målforma.