Hopp til innhold

Vegsalt øydelegg allé

Deler av Borgestad-alléen i Skien må fjernast. Årsaka er vegsalt som øydelegg dei meir enn 80 år gamle trerøtene.

Borgestad
Foto: Anne Lognvik / NRK

I dag og i morgon feller Statens Vegvesen 12 tre i Borgestad-alléen i Skien. Trea blei planta av tidlegare statsminister Gunnar Knutsen i 1922.

- Vegsalt og ureining frå trafikken er årsak til at deler av den historiske alléen må bort, seier grunneigar Erik Borgestad.

Tidlegare statsminister Gunnar Knutsen planta dei første trea før 1920. Sjølve alléen, slik vi kjenner den i dag, blei planta i 1922, fortel lokalhistorikar Kjell Ivar Brynsrud.

I dag står det både kastanjer, bøk og eik i Borgestad-alléen. Tolv tre er delvis øydelagt, og torsdag og i fredag feller Statens Vegvesen dei øydelagde trea.

Arven lever

Lokalhistorikar Kjell Ivar Brynsrud fortel at Gunnar Knutsen sette som vilkår for å gje fri grunn til vegen at det skulle plantast ein allé langs den nye hovudvegen mellom Porsgrunn og Skien.

- Vegen skulle vere 12 meter brei, slik at også dei nye automobilane kan ta seg fram mellom byane, avgjorde Gunnar Knutsen.

Kjell Ivar Brynsrud seier at det er vemodig å sjå at trea blir felde.

- Men det er heilt nødvendig, seier Brynsrud.

- Dessutan har Statens Vegvesen plikta seg til å plante nye tre. Det tyder at arven etter Gunnar Knutsen vil leve vidare - også i Borgestad-alléen, seier Kjell Ivar Brynsrud.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark