Hopp til innhold

Her maler dei korn på gamalt vis

I Hjartdal blir det male korn på den gamle bygdemylla for å få ferskt mjøl til jol.

Bygdemølle i Hjartdal

Bekke- og fossekvenner har vore viktige heilt frå mellomalderen. Gardar og mange husmannsplassar hadde gjerne si eiga kvenn i bekken eller fossen.

Svein Våle

Svein Våle

Foto: Petter Melsom / NRK

Ei god kvenn var noko av det viktigaste på ein gard, ved sida av ei god kjerring og ein fullgod arbeidshest.

Dugnadsjobb

Bygdemylla i Hjartdal er rusta opp for over 200.000 kroner, og blir bruka med jamne mellomrom for å male lokalt korn og deretter mjøl.

Det lokale byggmjølet er etterspurt særleg no før jol. Me tok turen til mylla i Hjartdal. (Sjå video)

Svein Våle er myllaren, men Olav Tho og Tor Djupedal er også med på dugnadsjobbinga.

– Det har vore slik dei siste åra. Det er litt artig å halde det vedlike, seier Våle.

Populært mjøl

Han seier at gode råvarer er viktig for å få godt mjøl.

Hjartdal Bygdemølle

Mjøl frå Hjartdal bygdemølle

Foto: Petter Melsom / NRK

– Tørt og godt korn. I år er det bra, men ifjor forskjellig kvalitet for det var så rått vêr, seier Våle.

Tor Djupedal fortel at mjølet frå mylla i Hjartdal er veldig populært.

– Dei står og ventar på det heile tida, seier Djupedal.

Han fortel at mjølet er litt grovare, og no har folk fått augene opp for dette spesielle mjølet.

Godt til graut

Synøve Våle er ein av dei mange som ventar på det lokale mjølet no før jol, det finnest ikkje maken synest ho. Særleg ikkje til graut.

– Eg er veldig glad i mjølet, og brukar det mest til graut, seier Våle.

Ho fortel at mjølet er ei veldig populær vare i nærbutikken i Hjartdal.

Hjartdal bygdemølle

Mjølet frå bygdemølla er å få kjøpt i nærbutikken i Hjartdal.

Foto: Petter Melsom / NRK