Hopp til innhold

Får dyrke kjøkkenhagen som før

Hyttefolket på Stråholmen får gjennomslag. Hytteområda blir tatt ut av den planlagde nasjonalparken.

Stråholmen-tunet sett fra stranda

Hus og hytter på Stråholmen blir haldne utanfor nasjonalparken.

Foto: Bjørn Ørvik

Hyttefolket på Stråholmen i Kragerøskjærgården fått gjennomslag i sine krav i forhold til den planlagde nasjonalparken.

Representant for hytteeigarane, Thorstein Kiil, seier at dei har vore svært kritiske til planane av frykt for avgrensingar på kva dei kunne gjere med omsyn til dyrking og hagebruk.

Les også:

Får det som dei ønskjer

Når det gjeld dyrking så har hytteeigarane fått løyst det på den måten at dei områda som er aktuelle å dyrke blir lagt ut i eit landskapsvernområde, og ikkje i det som blir kalla nasjonalparken.

Unikt plante og dyreliv

Thorstein Kiil.

Foto: Knut Magne Momrak / NRK

– Og dermed har vi fått det slik vi ønskjer det, seier Kiil.

Det har også vore ein debatt om Østre øya, om den skal vere utanfor eller inne i nasjonalparken.

– Der er det semje om at denne øya ikkje skal vere ein del av nasjonalparken. Her blir det krav om vanleg skjøtsel, slik det har vore tidlegare, seier Kiil.

Velforeininga og dei som arbeider med landskapsvern på Stråholmen har vore svært kritiske til planane om nasjonalpark, fordi det ville legge så store avgrensingar på kva dei kunne gjere.

Les også:

Får dyrke kjøkkenhagar

No får hyttefolket på Stråholmen det som dei vil.

– For om lag sytti prosent av Stråholmen bli liggande anten i nasjonalparken eller i landskapsvernområdet. Om lag tretti prosent blir verande på utsida, seier Kiil.

Dei områda som blir liggande utanfor nasjonalparken er dei områda der det står bygningar, hamneområdet og den Østre øya.

Det betyr at dei som er i hyttene og husa kan vedlikehalde areala sine og ha buskar og kratt, slik dei alltid har hatt.

– Vi kan dyrke kjøkkenhagar, slik vi ønska det. Og det er det mange som set pris på, seier Kiil.