Hopp til innhold

– Noko er bra, men mykje manglar

– Dette er ikkje svaret på det norsk skule treng, seier leiar i Utdanningsforbundet i Telemark.

Demonstrasjon Skien - Harald Johansen

Leiar i Utdanningsforbundet meiner noko er bra, men at mykje manglar i det lærarløftet regjeringa legg fram.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I dag lanserte statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen strategien.

Les meir om det her: Slik blir lærersatsingen

Leiar i Utdanningsforbundet i Telemark, Harald Johansen, seier at noko er bra, men at det er mykje som manglar. Han peikar særleg på at regjeringa har gløymt dei tilsette i barnehagane når det gjeld vidareutdanning.

– Det blir ikkje sagt nokon ting om kompetanseheving og vidareutdanning i barnehagen, Regjeringa snakkar om skulen, og den har ei rekrutteringskrise, seier Johansen.

Vil mangle lærarar

Harald Johansen

Utdanningsforbundet etterlyser rekruttering av lærarar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Han viser til at det i 2020 kjem det til å mangle 11.000 lærarar, og vil ha ei styrka rekruttering inn i læraryrket.

– Regjeringa foreslår noko, men eg meiner andre tiltak vil vere betre til å styrke rekrutteringa, seier Johansen.

Utdanningsforbundet vil ha fleire lærarar inn skulen. Johansen meiner det ville ført til betre læring og gjere det meir attraktivt å arbeide i skulen.

– Vi veit at det er viktig å sjå kvar enkelt elev for å få til ei god læring, men sjansen for å få til det blir vanskelegare når elevgruppene berre blir større, seier Johansen.

Dessutan peikar han på at andre yrkeskategoriar kunne ta seg av alle dei oppgåvene som lærarane blir pålagt å gjere.

Blant anna vil Johansen ha fleire helsesystrer i skulen.

– Dette er det gitt politiske signal om, men eg finn ikkje igjen noko av det i meldinga som kunnskapsministeren la fram, seier Johansen.

Noko er positivt

Torbjørn Røe Isaksen

Får kritikk for å satse på realfagskompetanse.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil sende tusenvis av lærarar tilbake på skulebenken. Det kostar ein milliard kroner i året.

– Blir det betre lærarar av det?

– Dette er noko av det som er positivt i meldinga. Vi veit at kommunane ikkje har økonomi til å ta seg av denne vidareutdanninga åleine, seier Johansen.

Han viser til at vidareutdanning av lærarar i matematikk og realfag ikkje kostar noko for kommunane.

– Her dekker staten og læraren sjølv rekninga. 75 prosent av staten og 25 prosent av den enkelte læraren, seier Johansen.

Han meiner det bør stimulere kommunane til å satse på vidareutdanning av lærarar.

Einsidig satsing

– Regjeringa er opptatt av å skape ein skule der elevane skal lære meir. Vil dei det etter det som kom i lærarløftet i dag?

– Fagkompetanse er viktig for å kunne formidle kunnskap. Men det er eit einsidig fokus på realfag, også når det gjeld opptaket til lærarskulen, seier Johansen.

Han spør om det er nødvendig med karakteren fire i matematikk for å undervise i musikk, vere lærar i formgiving eller historie, norsk og engelsk.

– Eg meiner det er feil politikk.

Johansen trur mange lærarar i Telemark er einig med han.

– Eg trur det er ei lett risting på hovudet, og at lærarane meiner dette ikkje er svaret på det vi treng for å skape ein betre skule i framtida, seier Johansen.