Hopp til innhold

Urædds fotballkvinner fortset å vinne

Urædd sitt kvinnelag nærmar seg opprykk til eliteserien.

Heidi Bjørntvedt, Urædd fotball

Heidi Bjørntvedt i Urædd jublar for siger over Kaupanger i helga. No ligg kvinnelaget på andre plass i 1. divisjon.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Etter at fotballkvinnene slo Kaupanger på laurdag kan Urædd kjempe om opprykk til toppserien.

Med sju serierundar igjen å spele i 1. divisjon ligg Urædd nå på andreplass, og det er ein posisjon som gir kvalifiseringsplass til toppserien.

I helga blei det 1–0 mot botnlaget Kaupanger. Heidi Bjørntvedt seier at kampen ikkje blei slik mange kanskje hadde venta seg.

Møtte defensivt lag

– Dei stilte med eit defensivt lag, spela med fem i forsvar, og berre ein spelar i angrep, og var tydelegvis ikkje interessert i å skåre mål, seier Bjørntvedt.

Uræddjentene opplevde å motstandaren ville dryge tida, og var ute etter det eine poenget med eit uavgjort resultat.

Dermed blei det ein tøff kamp for Uræddjentene som måtte skjerpe seg i andre omgang.

– Så når vi klarte å skåre eit mål, blei vi veldig glade, seier Bjørntvedt.

Bra spelefilosofi

Urædd har nå fire strake sigrar på rad, og det kan ende med kvalifiseringsplass og kanskje seinare opprykk til toppserien.

Heidi Bjørntvedt, Urædd

Heidi Bjørntvedt er toppskårar for Urædd.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Vi har ein veldig bra spelestil, og gjer det vi blir einige om på trening, seier Bjørntvedt.

I tillegg har kvinnelaget ein brei stall med mange spelarar på benken som er aktuelle for det nivået Urædd er på nå.

– Vi slit ikkje med skader nå, og det er mange som vil kjempe om ein plass på laget, seier Bjørntvedt.

Dessutan er laget godt organisert defensivt, slik at motstandarane slit med å skåre mål.

– Vi har nesten ikkje slept inn mål, og særleg ikkje på heimebane, seier Bjørntvedt.

Målet var øvre del av tabellen

– Er det snakk om opprykk i garderoben?

– Nei. Det er det ikkje mykje av. Men vi vil jo gjerne behalde andreplassen i serien vi har nå, seier Bjørntvedt.

Målet for sesongen er topp tre eller bli blant dei fem beste laga i 1. divisjon.

– Så det var ikkje dette vi hadde venta oss før seriestart. Men det er ein sjanse for at vi kan få den kvalifiseringsplassen, seier Bjørntvedt.

Som nyopprykka lag til 1. divisjon blei Uræddjentene spådd nedrykk før seriestart, og målet for sesongen var i første rekkje å spele morosam fotball.

– Møte god motstand, og lære mykje av det, seier Bjørntvedt.

Kan møte Amazon Grimstad

Heidi Bjørntvedt er toppskårar i Urædd med ti mål, og har tidlegare spela for Amazon Grimstad.

Det laget ligg akkurat nå på kvalifiseringsplassen på nedre del i toppserien. Og det er eit lag Uræddjentene slo ut av fotball-NM i vår.

– Det er ein reell sjanse for at vi kan slå dei i ein eventuell kvalifiseringskamp. Det hadde vore kjempegøy, seier Bjørntvedt.

Men dei neste kampane kan bli tøffe for Uræddjentene. Mange av laga dei møter må kjempe for kvart einaste poeng. Og Heidi Bjørntvedt reknar med å møte defensive lag.

– Neste kamp er mot Grei Elite i Oslo. Dei slo vi i vårsesongen, men eg trur dei kjem til å satse mykje på å forsvare seg nå, seier Bjørntvedt.