Hopp til innhold

Brann i tørketrommel på Klyve

Det var truleg ein tørketrommel eller ei vaskemaskin som var årsaka til at det starta å brenne i eit vaskerom i Edvard Myhres veg på Klyve i Skien.

Brann i tørketrommel

Brannvesenet rykka ut etter melding om brann.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Brannvesenet fekk raskt kontroll på branntilløpet i vaskerommet, men det blei ein del røykutvikling.

Ingen er skadd, men dei som bur i oppgangen blei evakuert. Det er 14 personar som bur i oppgangen i blokka der brannen starta.

– Alle dei som bur i oppgangen, og nokre naboar blei evakuert og står nå ute på grasplenen, fortel NRKs reporter Lorentz Berg.

Brannvesenet går gjennom husvære for å sjekke om det er blitt nokon skader. Det er om lag 80 personar som bur i blokka der brannen i vaskerommet starta.