Hopp til innhold

Tillitsvald mistenkt for underslag

Ein tillitsvald i ein friviljug organisasjon i ein nabokommune til Tokke er mistenkt for underslag på fleire hundre tusen kroner.

Finn-Arild Bystrøm

Lensmann Finn-Arild Bystrøm ved Tokke lensmannskontor etterforskar mogleg underslag i ein friviljug organisasjon.

Foto: Thomas Nicolai Blekeli / NRK

Det er Tokke lensmannskontor som etterforskar saka. Lensmann i Tokke Finn-Arild Bystrøm seier det var folk i lokalmiljøet som melde frå.

– Det er folk som har sote i organisasjonar som har kome til politiet fordi dei har vore uroa, seier Bystrøm.

Han seier at dette er bakgrunnen for at politiet har etterforska saka, og at det no er oppdaga eit mogleg underslag.

Langt på veg oppklart

Den tillitsvalde som er mistenkt i saka har vore til avhøyr hos politiet. Lensmann Finn-Arild Bystrøm seier at vedkomande har vedgått at det kan vere snakk om eit underslag.

– Politiet har fått eit veldig godt bilete, og det er ikkje så mange avhøyr til som trengst. Saka blir rekna som oppklart og langt på veg ferdig, seier Bystrøm til NRK Telemarksendinga.