Hopp til innhold

Held deg varm i femti år

No er det hektisk aktivitet inne i fjellet i Tokke. Der det før gjekk hundretusenvis av liter med vatn i minuttet, er det no menn og maskiner.

Tokke kraftverk

Dei samlar stein og grus, spyler og vaskar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er fasinerande å sjå det som gøymer seg i berget det blå. På utsida ser du lite og ingenting, men inne i fjellet er det som ei maurtuve døgnet rundt.

Og tida er knapp. Åtte veker er sett av til å reinske tunnelen for lausmasse, spyle og reingjera. Det er førti år sidan det blei gjort sist gong.

Tunnel

Denne delen av tunnelen er klar. Ikkje ein laus stein å sjå som kan bli med vatne ned i turbinane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Einar Gerhardsen opna kraftverket

Det var sjølvaste landsfaderen, statsminister Einar Gerhardsen, som opna Tokke Kraftverk i august i 1961. Dette var nemleg ei storhending for nasjonen.

Tokke Kraftverk var ein viktig del av oppbygginga etter krigen. Den var den største kraftstasjonen i Nord-Europa då den opna.

– Vedlikehald og oppdragering av kraftverk er lønsamt, seier kraftverkssjef Hallgeir Kleiv.

Kraftverksjef Hallgeir Kleiv

Kraftverkssjef Hallgeir Kleiv meiner det er god økonomi å vedlikehalde kraftverk.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I løpet av nokre år er utstyr oppgradert, og no blir tunnelane reinska slik at ikkje stein og grus skal føre til unødig driftsstopp.

Det som samla sett er gjort, vil ein i tillegg til å sikre drifta i 30 til 50 nye år, kunne produsere meir kraft.

– Vår samla oppgradering gjev så pass mykje ekstra kraft at det kanskje svarar til det rundt 10 små kraftverks produserer, seier Kleiv.

Det betyr straum til nokre tusen ekstra husstandar.

Dag og natt i åtte veker

I tunnelane der det vanlegvis går innpå 140 000 liter vatn i sekundet, er det no tomt for vatn. Det menn og maskiner over alt.

Inne i tunnelmørkret er det som ei travel maurtuve, og karane går døgnkontinuerlege skift.

Prosjektleiar Knut Skjævesland

Prosjektleiar Knut Skjævesland seier at arbeidet er i rute.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Arbeidet er ikkje vanskeleg, men det er avgjerande at me er effektive og ikkje får stopp undervegs. Så lenge det går menn og maskiner, ikkje vatn i desse enorme tunnelane, taper Statkraft pengar, seier Skjævesland.

Men han har god tru på at dei skal klare jobben i tide.

Kraftkommunane leverer

Oppgraderinga av Tokke Kraftverk har pågått i fleire år. Reinskinga av tunnelane avsluttar den store jobben.

Målet med arbeidet er at kraftstasjonen no skal kunne fungere i ytterlegare 30- 50 år utan at det må gjerast store vedlikehaldsjobbar.

I dag produserer vassdraga i Vinje og Tokke fire prosent av det totale kraftbehovet her i landet. Litt forenkla kan ein sei at 200 000 husstandar får straumen sin her frå Tokke-Vinje vassdraget.

Tokke Kraftverk blir rusta opp

SE VIDEO:Tokke Kraftverk blir rusta opp.