Hopp til innhold

Leiteaksjon på Countryfestivalen

Ein 24 år gamal mann som var sakna frå Countryfestivalen i Seljord er komen til rette.

Countryfestivalen i Seljord

Det pågår ein leiteaksjon etter ein sakna 24-åring på Countryfestivalen.

Foto: Marie Roksund / NRK

Mannen blei sist sett på området cirka kl 00.30 natt til i dag. Men klokka 11.36 laurdag melder politiet at 24-åringen er komen til rette.

– Han blei funnen heime på ei adresse i Hjartdal, seier operasjonsleiar Aadne Røilid.

Blei etterlyst av kameratane

I etterlysinga blei det opplyst at mannen gikk i olashort, og har kort brunt hår. På venstre arm har han ei flammetatovering. Den sakna har ein piercing i ansiktet.

– Dei som er saman med mann på Countryfestivalen har leita etter mannen i området, seier operasjonsleiar Ådne Røilid.

Politipatruljene som er på countryfestivalen i Seljord ser no etter mannen i området, og det er også sett opp plakat med etterlysing etter 24-åringen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark