Hopp til innhold

– Store kvikksølvmengder i fisk frå Kragerø

Det er store kvikksølvmengder i fisk frå Kragerø, viser ei ny undersøking. Nå krev Naturvernforbundet tiltak.

Fersk torsk

Undersøkinga frå Naturvernforbundet syner at det er meir kvikksølv i fisken enn ein tidlegare har trudd. (arkivbilete)

Foto: Thor Werner Thrane / NRK

Dei nye målingane Naturvernforbundet har gjort, syner at det er meir kvikksølv i fisken frå Kragerø, enn styresmaktene tidlegare har rekna med.

I enkeltindivid har Naturvernforbundet funne konsentrasjonar som er fem gonger større enn den kosthaldsgrensa styresmaktene har sett.

– Krev kartlegging

Nå krev Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet at styresmaktene finn årsaka.

– Vårt krav er ei grundig kartlegging, og deretter ei opprydding. Dette er miljøgifter som er farlege både for miljøet og for folk si helse, seier han til NRK.no.

– Åtvaringa kom 40 år for seint

I fjor åtvara Mattilsynet gravide mot å ete torsk frå Kragerø. Naturvernforbundet meiner åtvaringa kom 40 år for seint.

– Styresmaktene manglar oversyn over forureinga, og fylgjene den får for natur og menneske, seier Haltbrekken.

Naturvernforbundet har orientert styresmaktene om dei nye funna. Hilde Keilen i Klima- og forureiningsdirektoratet seier ho vil be om eit møte med forbundet for å drøfte undersøkinga.

Breiare utgreiing

Henriette Fluer Vikre frå Framstegspartiet er varaordførar i Kragerø. Ho trur ikkje det er fare for Kragerø sitt gode namn og rykte.

– Men det er klart at vi må ta målingar som syner for mykje miljøgifter i torsk på alvor. Vi treng ei grundig kartlegging av situasjonen, seier ho.