Hopp til innhold

Smaken av hund

Smaken av hund er filmen for nordmenn som drikk mjølk frå Tine, og et mat frå Prior og Gilde.

 

Smaken av hund
Foto: Picasa 2.6

Det meiner dei to filmskaparane Are Syvertsen og Jon Martin Førland som båe to er født og oppvaksen i Skien.

Dei ønskjer ein debatt om måten vi her i landet produserer maten vi et til dagleg.

I filmen blir vi vist saker og ting vi kanskje ikkje har vore klar over, og som landbrukssamvirka helst ikkje vil fortelje om.

Smaken av hund
Foto: Picasa 2.6

Humoristisk og uredd

- I filmen reiser vi spørsmål om maten vi et til dagleg eigentleg er så kortreist og sunn som det blir hevda, seier Are Syvertsen.

Filmskaparane vil ha debatt om det norske industrialiserte landbruket, og det bilete vi får presentert i reklamen om norsk mat som sunn og med god kvalitet.

Veit vi som forbrukarar til dømes at soyamjøl frå regnskogane i Brasil inngår i fôret til kyrne som produserer mjølka vi drikk. Eller at grisefôret faktisk også inneheld ein liten del matavfall av grisekjøt.

Vil overraske mange

- Dette er filmen alle som et mat bør sjå. Eg trur dei vil få seg nokon overraskingar, seier Kirsti Arvesen Nesheim i Naturvernforbundet i Telemark.

Naturvernforbundet meiner filmen set søkjelyset på måten norsk mat blir produsert på og som er ukjent for folk flest.

Avvist i TV 2

Dokumentaren er laga med støtte frå stiftinga Fritt Ord, og skulle eigentleg blitt vist på TV 2.

- I starten fekk vi skryt for det journalistiske handverket i filmen. Men rett før den skulle visast blei den trekt. Då vart det vist til etiske forhold, seier Jon Martin Førland.

Også NRK skal ha nekta å vise dokumentaren.

No er dokumentaren blitt til spelefilm i ånda etter Michael Moore, og fredag 9. mars blir det premiere på Kino1 i Skien og 15 andre kinoar rundt om i landet.

Pressemeldinga om Smaken av hund