Thon sponsar villmarkssenter

Olav Thon sjarmerte songaren Tone Jorunn Tveito.
Foto: Gunnar Grimstveit/NRKI dag opna stortingspresidenten det nye nasjonale Jakt- og Fiskesenteret i Flå. Det nybygde senteret er reist med over 20 millionar kroner frå Olav Thon.
Publisert 02.02.2012 15:53.
- Skriv ut
Investoren og hotellbaronen Olav Thon er allereie ein populær mann i den litle kommunen. Etter fråflyttingsproblem er det nå fleire som flytter til Flå.
– I dag legg vi nok ein stein på byggverket Flå, seier ein stornøgd ordførar Tor Egil Buøen.
I fleire år såg det slett ikkje bra ut for kommunen i Hallingdal med om lag eitt tusen innbyggjarar. Næringslivet gjekk på tomgang og optimismen hadde reist frå bygda. Dei siste fire åra har folketalet auka med seks prosent, og i dag opnar landets største kompetansesenter for jakt- og fiskeaktivitetar. Investor og hotelleigar Olav Thon får sin del av æra.
– Men Thon gjer ikkje slike investeringar berre av idealistiske grunnar, han ser moglegheita til å tene pengar og, seier ordføraren lurt.

Stortingspresidenten tok fram øksa.
Foto: Gunnar Grimstveit/NRKOpna med øks
Det var stortingspresident Dag Terje Andersen som i dag brukte øksa for å opne Jakt- og Fiskesenteret på Flå. Det er Norges Jeger- og Fiskerforening (NJFF) som skal drive senteret som tek sikte på å sikre at kommande generasjonar framleis bruker og haustar frå naturen.
– Eg kjem ikkje berre som stortingspresident i dag, men og som medlem i NJFF, seier han og skryt av det nyopna tilbodet.
– Dette senteret med sitt varierte tilbod er unikt i nasjonal, ja kanskje internasjonal, samanheng smiler han.
Ny arbeidsplass med børser og fiskestenger
Fire av dei fem som skal jobbe der har flytta til bygda. Ordførar Buøen håper dette bidrar til at oppgangsstemninga i Flå held fram.
– Norges Jeger- og Fiskerforbund er blant dei største foreiningane som jobbar med bruken av naturen. Fire av dei fem som skal jobbe ved senteret har flytta til Flå. Dette kjem til å skape ringverknader, slår ordføraren fast.
I tillegg har Statens Naturoppsyn oppretta ei stilling som skal halde til i senteret.

Kompetansesenteret i Flå blei opna i dag.
Foto: Gunnar Grimstveit/NRKOlav Thon-effekten
Byggherren for det over 1000 kvadratmeter store jakt- og fiskesenteret, er forretningsmannen og investorkjendisen Olav Thon. Hallingdølen er allereie tungt inne i Flå kommune. Han står bak kjøpesenteret i bygda, har finansiert bjørneparken og har altså investert meir enn 20 millionar kroner i bygget som husar kompetansesenteret.
– Dette ser eg på som ei fornuftig investering. Eg har ikkje akkurat rare jaktbakgrunnen sjølv, men ein og annan fisketur har det blitt, seier mannen med varemerket topplua på hovudet.
Les også:
Stortingsrepresentant Laila Gustavsen likte særleg skytesimulatoren godt. Her kan jegeren ta med si eiga rifle og teste skyteforma. Gustavsen skaut godt med hagle, sjølv om det er hjort ho sjølv skal jakte på Vestlandet til hausten.
– Eg kjem nok attende for å trene meir, seier ho skotklar.
Senteret skal gi et tilbod til jaktlag, foreiningar, firma og privatpersonar innan ei rekkje felt. Sams for tilboda er at det handlar om jakt og fiske.
Senteret frir og til barn og ungdom. Planen er å arrangere eigne feriecampar med aktivitetar i naturen for dei som ikkje har lov å jakte enno. Og for dei vaksne blir det slaktekurs, fiskekurs, tilgang til grillhytte, eige dressurområde for jakthundar og eit vell av naturrelaterte aktivitetar.
Siste: Buskerud
- De har sovet i timen, sier arrangør
- E16 stengt på grunn av bilbrann
- Glad for fortsatt drift ved Tofte
- Venter flom flere steder Østafjells
- Bergensbanen åpnet igjen
- MC-fører lettere skadet i kollisjon
- Skader på 18 biler og gatelys
- Bergensbanen stengt
- Kvinne siktet for falsk forklaring
- Hellefoss og Vafoss er solgt
Siste riksnyheter
2000 står fast ved grenseovergang - Far innrømmer barnedrap
- Bråk mellom salafister og politi
- Offensiv mot opprørskontrollert by
- Privatisering skaper fotballstorm
- Avviser at mobilstråling er farlig
- 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- – Han var en bauta
- Farvel til et kriserammet Europa
- Ungarsk alarm kan ha utløst razzia
- Tre skutt under ran i Sverige
- Femtenåring erkjenner bilder
- Nord-Korea har avfyrt tre raketter
- Storflom i Edland i Vinje
- Tre selvmord ved Foxconn-fabrikk
- Fare for storflom i Sør-Norge
- Riksrevisjonen refser Halvorsen
nrk.no/sport
Sverige vant VM-gull - 16-åring klarte historisk triks
- Drømmedebut for Høgmo
- United rotet bort tremålsledelse
- Arsenal sikret mesterligakvalik
- 4,5 nye millionar for Lindegaard
- Boasson vant Tour of Norway
- Ti skadd etter Düsseldorf-bråk
- Jobber for ny superturnering i 2014
- Spennende kamp om mesterligaplass




