Fekk teikneoppgåve – resultatet overraska lærarane

Klasse 5a ved Rødskog skule teikna Anders Behring Breivik, men det var ikkje oppgåven dei fekk.
Foto: Idar Krogstad/NRKKlasse 5A ved Rødskog skule i Drammen fekk ei teikneoppgåve om å beskrive kva dei var redde for. Anders Behring Breivik gjekk igjen på nesten alle arka.
Publisert 21.11.2011 19:12.
- Skriv ut
Klasse 5A ved Rødskog skule i Drammen har teiknetime. Dei små får av og til oppgåver knytta til konkrete prosjekt.

Kontaktlærar Camilla S. Møistad blei overraska over teikningane.
Foto: Idar Krogstad/NRKFor ikkje lenge sidan skulle dei beskrive kva dei kanskje var redde for medan dei gjekk til skulen om morgonen. Det var i samband med innsamlingsaksjonen på TV, som handla om miner og det å rydde dei bort.
Ein ville ha eit utgangspunkt for å snakke med elevane om at born andre stader i verda ikkje alltid har så trygg skuleveg.
– Dei sa lite om dette da vi snakka om oppgåva på førehand. Vi blei særs overraska, og det viser kor mykje born plukkar opp, særskilt frå media, seier kontaktlærar Camilla S. Møistad.
- Les også: – Sorga kjem som ei atombombe
- Les også: Velger blogg foran psykolog
– Han skyt ei jente
Ungane trekk ut farga blyantar og søtt duftande viskelêr frå pennala sine. Dei teiknar og dei fargelegg. Konsentrerte heng dei over arka sine.
– Det er Breivik. Han er i skogen og så skyt han ei jente.
Madeleine Ramirez peikar på teikninga av ein mann i uniform som står over ei død jente. I snakkebobla seier han «moha moha». Eit lite hus med AUF-skilt er òg med.
– Han seier «moha moha» fordi det er det slemme menn seier, forklarer ho.

Madeleine Ramirez teikna Anders Behring Breivik.
Foto: Idar Krogstad/NRK– Breivik drap så mange
Jade Brændsrud har laga ei firedelt teikning.
– Det er Anders, og ved sidan av har eg skrive «å vere på Utøya når han kom», og så har eg teikna eit spøkelse og så har eg teikna brann.

Simens teikning.
Foto: Idar Krogstad/NRK– Kva er du mest redd for då?
– Det er Behring Breivik. Han er skummel og han drap så mange.
- Les også: Breivik ville fjerne fluktbåtene
- Les også: – Sorgen jeg så her rammet meg rett i hjertet
- Les også: – Breivik var kald og umenneskelig
Viktig å snakke masse med borna
– Det hender at eg ikkje får sove om natta, seier Salif Keita. Det blir litt betre dagen etter. Eg veit at gjerningsmannen er trygt bak lås og slå, og ikkje slepp ut att på lenge, lenge.
Professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, Stein Erik Ulvund, har hatt mykje med borns reaksjonar i krise å gjere. Fleire av hans hovudfagsstudentar er no interesserte i tematikk rundt borna og kva dei tenkjer på etter terroren 22. juli.
– Det er viktig å først snakke med borna for å finne ut kva dei allereie veit. Det er ulike behov i dei ulike aldersgruppene. Og når du finn kva kunnskapsnivå dei ligg på, må ein ikkje late som det ikkje er lov til å vere redd. Det er vaksne òg.

Professor Stein Erik Ulvund meiner det er viktig å snakke med borna.
Foto: Idar Krogstad/NRK– Men forklar nøye at han er tatt hand om, både på dagtid og på natta når gjerningsmannen søv i fengselet. Det er ingen grunn til å være redd for at han skal komme ut no. Han er i fengsel. Vi er trygge for han.
– Håper ikkje han rømmer
– Eg er ikkje så redd for Behring Breivik lengre. Han sitter i fengsel. Men eg håper han ikkje rømmer for då blir eg redd igjen, seier Christopher Eriksen.
Både skulen og foreldre har behandla frykt og fakta etter dette. Over heile landet tenkjer foreldre på kor grensa skal gå for å gi opplysningar om dette.
– Framover mot rettssaken er det greitt å snakke meir om Behring Breivik, seier professoren i pedagogikk. Det kjem til å vere mykje i media om han og vi kjem kanskje til å sjå han. Det kan vere lurt å førebu borna på dette.
I klasse 5A er dagens oppgåve å teikne kva ein blir glad av. Ut frå dei same pennala kjem fargeblyantane og linjalane. Det blir blomster og sol. Blå himmel og leik.
Borna har både frykta og gleda i seg, som oss vaksne. Men dei sett ikkje alltid ord på det.
Les
Terrorangrepet mot Norge 22. juli 2011
- Vil ikke vitne i Breivik-rettssaken
- Svensk politi raskere 22.juli
- Ingen av Utøya-hjelperne hedret
- Regjeringskvartalet dobbelt så dyrt
- 85.000 til Gizem Dogan-senteret
- Slik vil AUF-erne huske Utøya
- 5000 hilsener lagt ned ved Utvika
- Kallar barnepsykiater inn som vitne
- Flere søsken etterlyser hjelp
- Etterforsker trussel- og hatbrev
- – Tøft å høre hvordan han ble skutt
Siste: Buskerud
Siste riksnyheter
En drept og åtte såret i skuddrama - Partane i Oslo-meklinga tek pause
- Vil ikke myke opp egenkapitalen
- 90 drept i angrep på syrisk by
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken
- Bankia trenger 150 milliarder
- Unio trapper opp streiken






Guardiola tok farvel med cupgull