Hopp til innhold

Dette sparar deg for tusener av kroner

Ergerlege kjøpesenterbulker kan no fiksast både raskt og billig ved hjelp av effektiv teknikk. Les saka og sjå video.

Bulkmassør Egidius har lært seg teknikken i Litauen

Bulkmassør Egidius har lært seg teknikken i Litauen

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Metoden går ut på å massere materialet på ein måte som gjer det smidig og lett å arbeide med. På under ein time kan ein sjemmande bulk i bilen vera fiksa for 6-700 kroner, ein tiendedel av kva det normalt kostar med tradisjonell biloppretting. Føresetnaden er at bulken ikkje har lakkskader.

– Det verkar som folk trur me driv og tryllar, smiler Vidar Berg, som eig og driv Kongsberg dekk og bilpleie. Han konstaterer at nok ein kunde står med store auge og beundrar den nyreparerte bilen sin.

– Trylling er det ikkje, me nyttar spesiellaga vertøy, ikkje minst ei spesiell lampe som gjer det lett å sjå kvar minste variasjon i overflata, fortel verkstadeigaren.

Artikkelen fortsetter under videoklippet.

Video Bilmasasje

Se video. Slik utføres bilmassasje

Lite kjent i Norge

Til no har det vore bilbransjen sjølv som har nytta seg mest av tilbodet. Berg undrar seg over at dette er lite kjent blant folk flest.

I USA har lakkeringsfri bulkoppretting vore vanleg i mange år. Etter kvart er teknikken også tatt i bruk i Europa. Stadig fleire bilverkstader tilbyr "bulkmassasje", no også i Norge

– Her er det både tid og pengar å spare for kundane, understrekar Berg.

Ingvild Holte sparte fleire tusen

Ingvild Holte sparte fleire tusen

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK

Ingvild Holte opplevde det mange bileigarar gjer. Då ho skulle sette seg i bilen i parkeringshuset, oppdaga ho at nokon hadde laga bulk i den tre år gamle bilen hennar, utan å gi seg til kjenne.

– Det gjorde meg kraftig irritert, utbryt Holte. Ho er likevel glad ho slapp med 600 kroner i reparasjonsutgifter. Og medan ho har stått i verkstaden og venta, har bilen vorte like fin som før.

NAF applauderer

Bilteknisk konsulent hjå NAF, Terje Meland, anbefaler denne teknikken til sine medlemmer så lenge bulken ikkje er for skarp eller lakken skada.

– Den kvaliteten me har sett på slike reparasjonar til no er svært tilfredsstillande, seier Meland.

Raskt og billig

Dette er både raskt og billig.

Foto: Jan-Erik Wilthil / NRK