Hopp til innhold

– Slipper for lett unna

Vil trappe opp kampen mot strandsonesyndare.

Strandsonen

I fjor ble det gitt 900 dispensasjoner for bygging i strandsonen.

Foto: Marianne Jagland Kjeldsen / NRK

No håper Røyken kommune at to nye juriststillingar vil hjelpe til å betre situasjonen. Hurum kommune ønsker å opprette ei ny prosjektstilling som utelukkande skal rettast mot strandsonekriminalitet.

Den norske strandsona er slett ikkje så tilgjengeleg for dei som vil rusle uhindra som ein skulle tru.

Etter «Lov om friluftslivet» skulle ein tru heile vår langstrakte kyst var ein einaste open sti:

§ 13. (Sjikanøse stengsler og uheimlete forbudskilt.)
«Eier eller bruker av grunn må ikke ved stengsel eller på annen måte vanskeliggjøre den ferdsel som er tillatt i denne lov, med mindre det tjener hans berettigete interesser og ikke er til utilbørlig fortrengsel for almenhetens ferdsel. »

Men alle lovar kan tolkast.

Les også:

Blir nedprioritert

– Kvar sak er særs tidkrevjande og inneheld juridiske spissfindigheiter, seier Anne Berit Sørlie, leiar for kultur, plan og bygg i Hurum kommune.

Ei oversikt viste at i perioden 2000 og 2001 var det registrert 1700 moglege ulovlege konstruksjonar i kommunen. Det var sist gong ein samla tall frå slike saker.

Fordi regelverket gjer at innbyggarar som søker om ei lovlig oppsett garasje eller ein innkjørsel til huset skal få svar innan få veker, blir synfaringar og etterforsking av moglege lovbrot i strandsona nedprioritert. Bunkane med uhandsama saker frå kystlina aukar i kommunane.

– Vi har rett og slett ikkje ressursar til å følgje opp alle moglege ulovlige bygg i strandsona, seier Anne Berit Sørlie.

Difor har Røyken kommune søkt fylkeskommunen om stønad til ei eiga stilling retta mot ulovlege bygg. Dei typiske sakene handlar om gjerder som går ut i sjøen, plattingar som hindrar fri ferdsel og flytebrygger det ikkje er søkt om løyve til.

Kan ende i fengsel

Den nye plan- og bygningsloven som tredde i kraft 1. juli gir moglegheita til å dele ut mykje strengare straffer for ulovleg bygging enn tidlegare.

Ved grove inngrep kan entreprenørar og private få fengselsstraff i inntil to år. Økokrim har signalisert at dei ønsker å prøve fleire saker for retten.

Men enn så lenge er altså bunkane av saker om ulovleg bygging høge hjå kommunane langs kysten.

Søker i etterkant

Jan Erik Lindøe er kommunaldirektør for teknisk avdeling i Røyken kommune. Han seier det kvart år er fleire saker på hans bord som omhandlar mogleg ulovleg bygging i strandsona.

– Vi har ikkje hatt den sterkaste kompetansen på slik problematikk. No har vi fått to nye juristar som sjølvsagt ikkje skal jobbe berre mot desse sakene. Men det vil gjere det lettare å følgje sakene opp.

Fleire som bygger brygge eller platting utan løyve eller tar seg til rette utan å sjekke regelverket søker i etterkant om å gjere opp for seg.

– Slett ikkje alle får tilgiving for syndene sine, seier Lindøe