Hopp til innhold

Mann funnen drukna i Lier

Ein 19 år gamal mann er funnen drukna i Damtjern ved Lier.

Damtjern, drukning
Foto: Tone Rekdal Sperre / NRK

Det var ein kameratgjeng frå Aust-Europa som bada frå flytebrygga på Damtjern då ein av dei ikkje kom opp igjen frå vatnet.

Damtjern i Lier

Flytebrygga i Damtjern i Lier.

Foto: Tone Rekdal Sperre / NRK

Politi, brannvesen og luftambulanse var med i leitinga etter mannen og kom raskt til staden.

- Ein 19 år gamal mann har drukna, opplyser operasjonsleiar Magne Lie ved Søndre Buskerud politidistrikt.

Politiet blei varsla ved halv seks tida torsdag ettermiddag.  

Forsøkte å hjelpe

Djupt vatn og dårleg sikt gjorde søket etter mannen vanskeleg. Flytebrygga ligg om lag 50 meter utanfor badestranda.

- 19-åringen svømte ut mot flytebrygga då han fekk problem og ropa om hjelp, seier operativ uteleiar ved Søndre Buskerud politidistrikt, Svein Erik Gevelt.

Kameratane og broren forsøkte å hjelpe, men 19-åringen forsvann i vatnet. Han blei først funnen etter 30-40 minuttar av dykkarar frå brannvesenet.

Politiet stadfester at den 19 år gamle mannen er død. Han var opphaveleg frå Tjetjenia, men budde i Lier.  

Svein Erik Gevelt

Svein Erik Gevelt, operativ uteleiar ved Søndre Buskerud politidistrikt.

Foto: Tone Rekdal Sperre / NRK

Det er oppretta eit kriseteam for dei pårørande.