Hopp til innhold

Politiet: - Bruk pengane på påskegodteri

Politiet i Buskerud ønsker at folk heller skal bruke pengane på påskesnop til barna enn å betale bøter. I dag mista to personar sertifikatet for råkøyring. 67 fekk førelegg for høg fart og mobilbruk.

Påskebudskap
Foto: Skjermdump

Operasjonsleiar Morten Qvist i Søndre Buskerud politidistrikt har eit ønske for påsketuristane. Det er at dei ikkje skal forsøke å spare nokre få minutt i ei elles lang påske.

Råkøyring med hengar

Trafikkordinator Morten Qvist

Operasjonsleiar Morten Qvist i Søndre Buskerud politidistrikt ønsker folk ei roleg og saktegåande påske. UP er på vegane for å følge med påsketrafikken, seier han.

Foto: Politiet

I dag stoppa Utrykningspolitiet ein bil med tilhengar som køyrde 121 km/t på E18 ved Sande. Bilføraren fekk sertifikatet beslaglagt på staden. Og ein annan bilførar må klare seg utan førarkort etter å ha blitt målt til 123 km/t på E134 ved Darbu.

– Det er paradoksalt at folk drar slik på, når ein elles skal kople av og nyte ferien, seier Qvist. I påska har både UP og dei lokale politipatruljane fokus på trafikken og råkøyring.

I løpet av nokre få kontrollar i Nordre Buskerud politidistrikt fekk 67 bilførarar førelegg for fart og mobilbruk. Og det på berre fire timar.

Politiet unner folk å heller bruke pengane sine på fornuftige og hyggelege ting enn bøter:

Laster Twitter-innhold