Hopp til innhold

BBC: – Noko av det vanskelegaste vi har gjort

Eit team frå den britiske tv-kanalen er no i Norge for å gjere opptak til dokumentarfilmen om 22. juli som skal visast på BBC dagen før rettssaka mot Anders Behring Breivik startar i april.

Edward Watts, fotograf BBC

Edward Watts lagar dokumentarfilm om 22. juli for BBC.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Produsent Anne Leer og fotograf Edward Watts har alt vore her i tre veker. Fram til 16. februar skal dei vere i Norge og samle materiale til ein times dokumentar om terrorangrepet mot Norge 22. juli.

Anne Leer

Anne Leer, producer med norske røter, lagar britisk dokumentar om 22. juli

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Dette er ein klassisk BBC-dokumentar med høg produksjonskvalitet, fortel Leer, og seier vidare at dette blir den einaste dokumentaren om terrorangrepa mot Norge den britiske fjernsynskanalen kanalen skal lage.

– Det er er ei enorm internasjonal interesse for denne saka, seier Leer, og legg til at dokumentaren er seld til mange land, også til Norge og NRK.

Skal sendast på NRK

Kanalansvarleg for NRK1, Lise Storm Hansen, bekreftar at kanalen sannsynlegvis vil sende dokumentarfilmen til våren i samband med rettssaka.

– Me må vente til dokumentaren er ferdig og me har sett den, før me avgjer sendetidspunkt, seier Storm Hansen.

Møt TV-teamet fra BBC:

Video BBC lagar dokumentar om 22. juli

NETT-TV: BBC lagar dokumentar om 22. juli

Mange historier

Det er store utfordringar i arbeidet med å lage ein slik dokumentarfilm. Det er mange menneske som er involvert i hendingane, og like mange historier.

– Eg skulle så gjerne hatt med alle historiene, men det får me jo ikkje plass til på 60 minutt, seier Anne Leer.

– Me prøvar å trekkje dei store linjene og lagar eit program som skal dokumentere hendingane i regjeringskvartalet og på Utøya for ettertida. Målet er at denne historia skal forteljast gjennom dei som faktisk opplevde tragedien 22. juli og som sto midt oppi det i dagane etterpå, fortel Leer.

Utøya et halvt år etter

Fleire utenlanske produksjonsselskaper vil lage dokumentar om hva som skjedde på Utøya 22. juli.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

– Kan ikkje kommentere

Den terrorsikta Anders Behring Breivik uttala for få dagar sidan at han ville la seg intervjue av ein utanlandsk fjernsynskanal før rettssaka. Programansvarleg for den britiske 22. dokumentaren, Anne Leer, vil ikkje seie noko om dei kjem til å intervjue gjerningsmannen i sin dokumentar.

– Det kan eg ikkje kommentere. Akkurat i dag har me fokus på at me skal møte lokalbefolkninga her, og lage ein best mogeleg dokumentarfilm, seier Leer.

Sterke møte

Roser ved Utøya

Roser ved ferjeleiet eit halvt år etter 22. juli

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

I dag gjer teamet frå BBC fjernsynsopptak i Hole kommune, der Utøya ligg. Fotograf Edward Watts har det travelt. Han er på veg til Ringerike sjukehus for å gjere opptak med ein kirurg som tok i mot skadde frå Utøya.

– Korleis har møta med dei involverte vore?

– Det har vore tøffe møter og noko av det vanskelegaste eg har gjort. Kvar og ein har opplevd så forferdeleg mykje tragisk. Det gjer veldig sterkt inntrykk, seier Anne Leer, som også fortel at dei stadig blir oppringt av folk som gjerne vil fram med sine historier.

– Mange slit framleis med det som skjedde og det er mange traumer, seier Leer, som likevel trur folk synest det er godt å prate om det dei har opplevd.

Trør varsamt

BBC har strenge retningslinjer på korleis ein skal gå fram når ein skal intervjue menneske som har vore gjennom traumatiske ting.

– Det skal skje i trygge omgjevnader og me går varsamt fram. Me vil ikkje presse på og leggje stein til byrda, seier Leer.

Spesielt å vera tilbake

Anne Leer, som til dagleg jobbar i dokumentaravdelingen i BBC, vart brått kasta inn i nyheitsavdelinga 22. juli. Med oppvekst i Norge og norsk språk var det naturleg at ho vart sett til å koordinere og dekke terrorangrepet frå Norge for den britiske tv-kanalen.

– Eg jobba kontinuerleg sju dagar i veka i sju veker med å dekke terrorangrepet, så det var ganske intenst.

– Korleis er det å vere tilbake no, eit halvt år etterpå?

Det som slår meg er at det er så kaldt ... og stilla med snøen som har lagt seg gir eit veldig visuelt inntrykk. Det er utruleg spesielt, seier programansvarleg for BBC-produksjonen om 22. juli.

Vinter på Utøya

Vinter og stille på Utøya

Foto: Tordis Gauteplass / NRK