09.02.2012

Livet, døden og kjærleiken

Marispelet 2007 (Foto: Picasa 2.6/NRK)

Mari går i fossen og Veslemøy til hjarte.

Mari går i fossen for sin brennande kjærleik. Ho ville ikkje gifte seg til pengar og jord, men fylgje mannen hjarte hadde valt.

 

Kvinner står sentralt

Ein klassisk historie som me har mange versjonar av i folketrua og folkemusikken.

Og kvinner står sentralt i Marispelet. Tinns eigen Anne Fransen Asland spelar Mari som ung, og Ingvild Marie Lien Sunde spelar den vaksne Mari. Båe gjer det med glød og innleving.

Heimkomne Veslemøy Solberg er den musikalske broa gjennom stykket. Og me forstår kvifor Bøheringsmusikaren har fått eit namn i norsk musikkliv. Det får vera greit at ho har flytta ut, når ho kjem heim att på denne måten.

 

Marispelet 2007 (Foto: Picasa 2.6/NRK)

Far til Mari (Nils Sletta) tvingar dottera Mari til å gifte seg med ein ho ikkje vil ha.

Foto: Picasa 2.6/NRK

Dronning Frøydis

Marispelet blir spela på dialekt, og det gjer det ekte og truverdig. Og det er mange strålande enkeltprestasjonar. Nils Sletta spelar på tuddalsdialekt – og hardingfele. Modig og profesjonelt gjennomført.

Sletta kjenner det strie folkelynne, og det får han godt fram i rolletolkinga som den dominerande, hissig, ufyselege og samstundes såre farsfiguren til Mari.

Frøydis Armand spelar på tinndøldialekt og gjer det med sjarme og bravur. Nesten lytefri dialekt midt i hjarta av det inste Telemark. Som Telemarks svar på Mor Courage, er Armand framifrå.

Rørt og stolt ordførar

Ordførar i Tinn, Erik Haatvedt, var både stolt og glad etter premiera i går kveld. Han sa at stykket Marispelet hadde blitt betre og betre for kvart år.

Ordføraren takka både dei profesjonelle og ikkje minst alle dei friviljuge som har lagt stort arbeid og engasjement i å få til denne kulturelle storhendinga.

Aller mest skryt fekk idemakar og primus motor som Marispelet Gro Synnøve Brekka.

 

Marispelet 2007 (Foto: Picasa 2.6/NRK)

Ordførar Erik Haatvedt skryter og takkar.

Foto: Picasa 2.6/NRK

Dei gode og glade amatørar

Joar Luraas likar å stå på scena, og me likar han. Ja, meir enn det, me blir både sjarmerte og får oss ein god latter då Luraas, som spelar storbonden Tor, handtuplar – handfer si komande svigerdotter.

Godt førti amatørar spelar, dansar og korar. Dei brukar landskapet ved Rjukanfossen slik at det blir liv og action overalt. Scena som er bygd opp utnyttar den dramtiske naturen på ein måte som verkeleggjer dei dramatiske hendingane.

Det har vore slitsamt og morosamt seier Helle Olufsen, ein av dei unge amatørane som fekk vel fortent rose etter premiera.

Kostymer til terningkast 6

Me har sett mange historiske spel opp gjennom åra i Telemark, men sjeldan har kostymene vore så vedunderleg flotte som i Marispelet.

Her er det bygd på tradisjon og henta inspirasjon frå Flinto og andre som har dokumentert folkedrakttradisjonane i vårt fylke.

 

Marispelet 2007 (Foto: Picasa 2.6/NRK)

Den unge(Anne Fransen Asland) og vaksne Mari(Ingvild Marie Lien Sunde) saman med Veslemøy Solberg og Frøydis Armand.

Foto: Picasa 2.6/NRK

Folkemusikken i sjela

Knut Buen frå Tuddal og Tinns eigen Halvor Håkanes gav det musikalske rotfeste til Marispelet.

I tillegg var nok Unni Boksasp ei musikalsk overrasking av beste merke. Ho er profesjonell folkemusikar som no er busett på Miland. Og det må Tinn og Telemark vera glade for.

Rundt 650 såg premiera i går. Framsyninga i morgon er nesten utselt, men det er enno bilettar å få til framsyningane fredag og sundag.

 

Banner valgresultat 2011 468x110