Hopp til innhold

Gjenbrukskunst

Laurdag opnar ei litt spesiell kunstutstilling på Nesbyen. Tretten figurar av jernskrot skal guide publikum gjennom ei vandring i Nesbyens gater.

Kommuneparasitt

'Kommuneparasitten' ein av figurane til gjenbrukskunstnar Otto Skaret (t.v). Her saman med turistsjef i Nesbyen Birgit Rustberggard.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Utanfor kommunehuset står ein firkanta type som kanskje ikkje alle føler seg komfortable med skal me tru kunstnar Otto Skaret, ”Kommuneparasitten”.

- Eg har plassert han utanfor kommunehuset fordi eg har kome med den bastante kommentaren tidlegare at alle kommunar har ein eller fleire kommuneparasittar, seier Skaret.

Otto-vandring

Gjenbrukskunstnar Otto Skaret frå Nes i Hallingdal har laga 13 figurar av jernskrot som no er plassert ut i Nesbyen sentrum. Figurane har alle si historie, som kommuneparasitten utanfor bygdas kommunehus.

Sjølv om kunstnaren driv litt gjøn med nokre av dei som styrer i Hallingdalskommunen, vil Otto Skaret stå i sentrum laurdag. Då blir det arrangert Otto-vandring i Nesbyens gater, fortel turistsjef Birgit Rustberggard.

- Då skal me ha offisiell opning og ynskje alle Otto-figurane velkomne. No har me overtatt figurane og det skal markerast på ein flott måte, seier Rustberggard.

- Figurane står spreidd utover Nesbyen sentrum, kvifor har de ikkje samla dei?

- Me ville lage ei flott figurvandring, slik at ein kan oppleve Nes saman med figurane. Figurane tar deg med rundt i Nes, og du kan oppleve mange andre ting, du kjem mellom anna innom gamle Nes, kan ta ein tur inn på museet eller gå på galleri. Eg veit at både vakse og ungar vil synas dette er ein morosam attraksjon, seier turistsjefen.

Ungdommen

Fyrste figuren på vandringa er ein som skal representere ungdommen.

- Figuren skal fortelje at det er mykje bra ungdom, men at nokon får eit stempel på seg, og det er ikkje ungdommen si skuld, men andre som set stempel, det er det Otto Skaret ynskjer å fortelje med denne figuren, fortel Birgit Rustberggard.

Sjølv om turistsjefen har mange med seg når ho synest vel om Otto-figurane som no skal bli eit slags symbol på Nesbyen var ikkje alle me snakka med på gata i bygda heilt samd med henne.

- Eg synes dei er stygge, seier nokon.

- Eit artig påfunn, seier andre.

- Uvanlige.

 

Fogden

Men Otto Skaret er langt frå brydd over sin gjenbrukskunst. Spesielt er han stolt over ”Fogden” som tronar i Nesbyens hovudgate.

- Dette var ein figur som ikkje vart godt likt fordi han hadde enormt høg sosial status, til og med skogeigarar måtte stå med lua i handa når dei prata med fogden. Han vart mykje omtala i tømmerkoiene rundt om kring, der sa dei at fogden var så fin på det at han med sine behanskede hender ikkje kunne nedlate seg til å ta i noko, ikkje ei gong kaffikjelen, seier Skaret.

- Så det er difor du har hengt han på snurrebassen hans då?

- Ei løysing måtte eg finne.

 

Fogden

Otto Skaret er spesielt stolt over 'Fogden'

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK