Hopp til innhold

Vil gje ungdomsråd stemmerett

Arbeiderpartiet i Ørland kommune vil gje ungdomsrådet stemmerett i kommunestyret. Valforskar Anders Todal Jenssen er skeptisk.

Ap sin ordførarkandidat i Ørland kommune

Knut Morten Ring, Ap sin ordførarkandidat i Ørland kommune.

Foto: Ørland kommune

- Forslaget er ikkje muleg i følge vallova. Det ein kan gjere er å gje ungdomsrådet tale- og forslagsrett. Det er lite sannsynleg at dette punktet i vallova vil bli endra, seier Todal Jenssen.

 - Forvirrande

Valforskaren meiner teksten i brosjyra der saka kjem er forvirrande:

- Eg syns formuleringa er forvirrande for velgarane, fordi dette er noko kommunestyret på Ørlandet ikkje kan gjere.

Anders Todal Jenssen

Valforskar Anders Todal Jenssen trur ikkje AUF og Ap i Ørland kommune får forandra vallova med det første.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Heile partiet står bak

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Ørland kommune, Knut Morten Ring seier heile partiet står samla bak forslaget:

- Det handlar om å ta ungdom på alvor.

- Korleis skal de få til stemmerett for ungdomsrådet?

- Det veit vi ikkje enno, dette er eit ønske frå ungdommen sjølv. Korleis det skal gjennomførast har vi ikkje klart for oss, men det som er veldig viktig, det er å ta unge på alvor. Er det slik at vi må endre lovverket for å få til det, så får vi jobbe for forandring.

- Lureri

Ordførarkandidat for Høgre i Ørland kommune, Torhild Aabergsbotten meiner dette er reint lureri:

- Det blir heilt feil å prøve å lokke til seg ungdommen med løfte om makt og mulegheit til å kunne påverke, det blir å lokke med noko dei ikkje kan få.