10.02.2012

Kjemper for Dahls-ølet

Før kampen mellom Rosenborg og Vålerenga på Lerkendal nytta fleire publikummarar sjansen til å demonstrere for trøndersk øl.

(Foto: NRK MidtNytt)(Foto: NRK MidtNytt)

Demonstrantane stilte med 1 500 plakatar som dei viste i det spelarane kom på bana. På to store bannarar som hang over Kjernen stod mellom anna bodskapen "Gud signe E.C. Dahls".

Saman med Dahls-ølets Venner krev Kjernen at leiinga i Rosenborg fjernar Hansasølet frå tappekranane på Lerkendal.

- Rosenborg trur at vi kan sitte og kose oss med ein Hansaøl etter kampen, og det blir heilt feil. Nei, vi må stikke fingeren i jorda og finne ut kvar vi er, seier leiar i Dahls-ølets venner, Stig Kirkhus til NRK Trøndelag.

Årsaka til dei sterke reaksjonane er at Ringnes har lagt ned brusproduksjonen i Trondheim og at også ølproduksjonen no står i fare for å forsvinne.

Siste: Sport Trøndelag

NETT-TV TRØNDELAG

Aktuelle sportsbilder

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier