11.02.2012

Skreiv lesarinnlegg, blir politiett

Ein gardbrukar frå Midtre Gauldal skreiv eit lesarinlegg om rovdyrpolitikken i Adresseavisen. No blir mannen etterforska av politiet.

Gardbrukar Svein Fløttum i Midtre Gauldal er frustrert over rovdyrpolitikken, og skreiv eit lesarinnlegg i Adresseavisen. Naturvernforbundet i Holtålen meiner at gardbrukaren, i innlegget, oppfordrar til ulovleg jakt på rovdyr. No skal politiet etterforske saka.

- Eg seier ikkje at folk skal skyte bjørn, ulv og jerv ulovleg, for det kan eg ikkje gjere, seier Fløttum til NRK Trøndelag.

I lesarinnlegget ytra Svein Fløttum at strafferamma for faunakriminalitet er for høg. I tillegg skreiv han at ein god jeger skyt rovdyr.

- Omgrepet rovdyr omfattar både katt, mår, mink og fleire andre dyr det er muleg å jakte på, seier Fløttum.

Politiet vil etterforske

Alf Rune Nilsen.Alf Rune Nilsen.

Politiinspektør Alf Rune Nilsen hevdar at fleire har bedt politiet har om å sjå nøye på lesarinnlegget.

Det har dei gjort, og resultatet er at dei vil etterforske saka og avhøyre mannen.

- Dei fleste rovdyr er freda, mens eit fåtal ikkje er det. Om det er slik at vedkommande har oppfordra til jakt på freda rovdyr, så er det straffbart etter norsk lov, seier Nilsen til NRK Trøndelag.

-Latterleg

Fløttum meiner dette er latterleg. Han seier at han ikkje har oppfordra til ulovleg jakt.

- Eg syns det er tåpeleg at politiet bruker ressursar på å etterforske dette, seier Fløttum.

Han legg til at politiet heller bør analysere lesarinnlegget hans.

- Då vil dei finne ut at eg ikkje er nokon står fram som noko freda rovdyrskytar, og at eg heller ikkje har oppfordra andre til å skyte rovdyr.

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier