10.02.2012

Teikna Ritchie Blackmore

Her er ei av sidene Arne Bye har teikna til Blackmore's Nights.Her er ei av sidene Arne Bye har teikna til Blackmore's Nights.

20 år gamle Arne Bye frå Trondheim fekk i juni eit litt spesielt oppdrag. Oppgåva var å lage ein teikneserie om Ritchie Blackmore og Candice Night for bandet si heimeside.

20 åringen frå Trondheim fekk oppdraget etter å ha skrive nokre mailar med Carole Stevens, som er manager i Blackmore's Nights, i samband med konserten bandet skulle ha på Hell i juni i fjor.

Stevens spurte om Arne Bye ville lage ein teikneserie om Ritchie Blackmore og Candice Night. Stripa skulle brukast på bandet si heimeside.

- Det å lage ein serie for bandet til eks-Deep Purple-gitarist Ritchie Blackmore er så ærefullt at det var heilt umuleg å svare nei, så eg sa ja og slapp alt eg hadde i hendene, seier Arne Bye.

Arne Bye signerer serien. Foto: TrondheimstegnerneArne Bye signerer serien. Foto: Trondheimstegnerne

Blackmore inspirert

Arne Bye, er 20 år, og kjem frå Trondheim. Han er kjent for stripeserien om "Holger og Hagbart" som mellom anna har vore på trykk i månadshefte Pondus og som eige album.

Serien om Ritchie Blackmore gjorde han ferdig i august i fjor, men først no kan den lesast på heimesida til Blackmore's Nights.

- Det var noko tull med heimesida som gjorde at den ikkje kom på før, seier Arne Bye til NRK Trøndelag.

Oppdraget han fekk frå Blackmore's Nights er stort samanlikna med tidlegare oppdrag, fortel 20-åringen.

- Eg er stor fan av Ritchie Blackmore, og har ofte hatt musikken hans på stereoanlegget mitt samstundes som eg har teikna. Det har gitt meg mykje inspirasjon, og med denne serien føler eg at eg får takke han.

Teikneserien til Blackmore's Nights

Lenker

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier