10.02.2012
St. Olavs Hospital:

Giftige utslepp av dioksin

Pipa på forbrenningsomnen på St. Olavs Hospital.Pipa på forbrenningsomnen på St. Olavs Hospital.

St. Olavs Hospital har sluppe ut 1 000 gonger meir av det svært giftige stoffet dioksin enn det som er tillatt for verksemder som får løyve til slike utslepp i dag.

Sjukehuset har ikkje løyve til å sleppe ut dioksinar i det heile tatt, og forbrenningsomnen ved sjukehuset blei tirsdag stengt med det samme.

Dioksin er svært giftig sjølv i små mengder, seier miljøverndirektør Stein-Arne Andreassen hos fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

- Grensene som er fastsett for lovleg utslepp ligg på eit nanogram per kubikk. I dette tilfellet er det snakk om 125 gonger meir, og det er store avvik. Dioksin er eit av dei farlegaste miljøgiftene vi kjenner, seier Andreassen.

Forbrenningsomnen på St. Olavs Hospital. Forbrenningsomnen på St. Olavs Hospital.

Vurderer verknadane

No må helsepersonell og medisinske ekspertar vurdere kor farlege desse utsleppa har vore, og eventuelle langtidsverknader.

Og det er grunn til å tru at det periodevis har vore tildels høge utslepp i tidsrommet frå sommaren 2003 og fram til i dag.

Det kan heller ikkje utelukkast at det har vore utslepp over grenseverdiane også før 2003. Men korleis kan noko slikt skje?

- Dette skjer når det blir brunne avfall som ein ikkje har løyve til å brenne. St. Olavs Hospital har ikkje mulegheit til å brenne avfall som inneheld klor. Når denne type stoff blir brunne saman med vanleg organisk stoff, som til dømes papir og gassbind, er det stor fare for at det blir danna dioksinar, seier Andreassen.

Alvorleg

Han legg til at han synst det er alvorleg at det manglar eit system for behandling av avvik internt, når ein tidlegare har fått avdekka slike verdiar.

Kva konsekvensar får dette for St. Olavs Hospital?

- Vi har stengt ned forbrenningsomnen og opnar den ikkje igjen før sjukehuset har gjort greie for korleis dei skal halde seg innanfor grensene, seier Andreassen.

Gunnar Bekken.Gunnar Bekken.

For mykje plast

Gunnar Bekken, forretningssjef ved St. Olavs Hospital, har ansvaret for forbrenningsomnane ved sjukehuset.

Han har denne forklaringa på kva som har skjedd.

- Vi var i ferd med å avvikle drifta av forbrenningsomnen og skulle flytte avfallet til anlegg i Ålesund og Fredrikstad. I samband med dette fekk vi krav frå desse forbrenningsanlegga om at vi måtte begynne å bruke ein plastemballasje på risikoavfallet, seier Bekken.

Jord- og morsmjølkprøvar

Trondheim kommunene vurderer å ta både jordprøvar og morsmjølkprøvar i nedslagsfeltet til forbrenningsomnen på St.Olavs Hospital.

Medisinsk rådgivar i Trondheim kommune, Eivind Senneseth, seier at kommunen vil ta stilling til tiltak så snart som muleg.

- Vi vil bestemme oss kjapt, for dette er ikkje noko vi vil kan vente på, seier Senneseth.

Direkte forgiftig kan føre til hudskadar, kvalme og akutte sjukdomar, men det er svært skjeldan dette skjer. Senneseth kjenner ikkje til at dette har skjedd i Noreg.

Stoffet kan også vere kreftframkallande.

Lyd og video

Se også

Nyeste bildegallerier

Banner valgresultat 2011 656x80

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

50 siste Trøndelag

Siste bildegallerier