Hopp til innhold

Frykter justismord i Birkeland-saka

– Det verkar som om departementet freistar å tildekke i staden for å hjelpe ein norsk statsborgar, seier varaordførar Knut Fagerbakke (SV) i Trondheim.

Arvid Birkeland

Arvid Birkeland har i fem år vært etterforsket etter at han ble arrestert for hvitvasking av penger.

Foto: TERJE SVAAN / Adresseavisen

Knut Fagerbakke (SV), varaordfører Trondheim

Knut Fagerbakke (t.h) i Trondheim SV frykter Arvid Birkeland kan blit utsatt for justismord i Brasil.

Foto: Aksel Kroglund Persson / NRK
Odd Einar Dørum

Også tidlegare justisminister Odd Einar Dørum(V) meiner noverande justisminister Grete Faremo ikkje følgjer opp garantiar frå forgjengaren sin.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

I juli ble Trondheimsmannen Arvid Birkeland dømt til 11 og eit halvt års fengsel i Brasil for kvitvasking av pengar. Han fekk også ei bot på 2 millionar kroner.

Birkeland meiner han er uskuldig dømt, fordi norske Økokrim i 2007 ga mangelfulle opplysningar om formuen han førte lovleg ut av Noreg og investerte i Brasil.

Økokrim meiner domen også er basert på bevis som brasiliansk politi har skaffa, mellom anna telefonavlytting. Dette avviser Birkeland.

Dom på portugisisk

Domen på over 200 sider, som også omfattar fleire tiltalte, er på portugisisk. Det språket beherskar ikkje Birkeland. Sjølv om den brasilianske advokaten hans også snakkar engelesk, har Birkeland vanskeleg for å finne ut kva premissar og bevis domen er basert på.

Men norske styresmakter meiner det ikkje er deira ansvar å betale ei omsetjing til norsk.

Det reagerer mange politikararar på.

– Du må i alle fall som norsk borgar i eit anna land få hjelp fra norske styresmakter til å få forstått, på korrekt omsett norsk, kva du er dømt for. Det er politikk å ta eit slikt ansvar, seier tidlegare justisminister Odd Einar Dørum.

Han viser til fleire døme der nordmenn i utlandet har fått hjelp når dei har vorte tiltala og dømde.

Han får støtte frå både varaordføraren i Trondheim, Knut Fagerbakke(SV) og kommunalråd for FRP, Kristian Dahlberg Hauge.

– Det er vanskeleg å forstå den prestisjen som openbert må vere i statsforvaltninga i denne saka. Her er det snakk om ei omsetjing som burde vere enkel å få til, seier Dahlberg Hauge.

– Eg fryktar eit justismord i denne saka, seier Fagberbakke.

Nekta fri rettshjelp

Arvid Birkeland har fleire gonger søkt Fylkesmannen i Oslo og Akershus om fri rettshjelp, men fått avslag kvar gong. Fylkesmannen meiner Birkeland har pengar sjølv til å betale advokaten sin i Brasil.

Birkeland sjølv avviser dette og seier til NRK at han er avhengig av ein snill bank i Noreg som gir han lån framleis.

Fylkesmannen viser også til at det finst ordningar med fri rettshjelp i Brasil.

– Men dette er berre på papiret, hevdar Birkeland.

Han ba også om hjelp til å få omsett viktige dokument frå Økokrim frå norsk til portugisisk før domen fall i sommar. Også dette vart avvist.

Ein støttekonsert i 2009 vart arrangert for å samle inn pengar som Birkeland mellom anna brukte til å få omsett nokre dokument. Men framleis slit han med å trenge inn i dei juridiske teramne i Brasil-på portugisisk.

Økokrim kan ikkje gjere meir

Førstestatsadvokat i Økokrim .Geir Kavlie, ser det heller ikkje som Økokrim si oppgåve å omsetje domen.

I 2009 sa han i eit intervju med NRK Trøndelag at ikkje noko tydde på at Birkeland hadde kvitvaska pengar i Norge. Men denne utsegna vil ikkje Kavlie skrive under på slik at den kan brukast for retten i Brasil.

– I de forklaringene som er gitt så står det svart på hvitt at vi ikke har noen mistanke mot Birkeland og de andre nordmennene og at vi mener de har midler til å investere. Så de rettsprotokollene som vi har tilgang til er ikke mulig å misforstå på det punktet altså, sa Kavlie.

Birkelands brasilianske advokat ,Guilherme de Carvalho Doval, meiner dette kunne ha løyst heile saka til fordel for klienten hans.

Kavlie seier til NRK at Økokrim heller ikkje har fått noka norsk omsetjing av domen mot Birkeland.Men brasiliansk politi har orientert Økokrim om innhaldet.

– Justisministeren må reagere

Odd Einar Dørum seier han fekk garantiar frå den førre statsråden, Knut Storberget, om at Birkelandsaka skulle behandlast i tråd med rettstryggleiken. Det som no skjer viser at dette ikkje er tilfelle, meiner Dørum.

Varaordførar Knut Fagerbakke skreiv to brev til Faremo i februar. Einaste svaret er at breva er sende til ei anna avdeling i departementet.

– Eg er svært skuffa og overraska over at eg ikkje har fått eit formelt svar frå departementet, seier Fagerbakke, som no vil å kontakte den brasilianske ambassaden i Noreg.

Også AP´s kommunalråd i Trondheim, Geir Waage, synes denne saka er alvorleg. Han vil ikkje kritisere justisministeren,men meiner lova må behandle alle likt:

– Så lenge Birkeland ikkje får hjelp i Brasil, er det alvorleg. Noreg har ansvar for ein norsk statsborgar. Då må vi sørge for at han får hjelp slik at domen blir omsett og han får vete kva han er dømt for, seier Waage.

Verken Justis- eller Utanriksdepartementet ønskjer å kommentere saka.

Hør radioinnslaget om Birkeland.