Hopp til innhold

– Det opplevdes dramatisk

Bebuarar, tilsette og ordførar er rysta over at ei kvinne i trettiåra er knivstukken ved Namsos bo- og servicesenter.

Knivstikking Namsos

Ordføraren i Namsos er sjokkert over knivstikkinga i kommunen.

Foto: Espen Sandmo/privat / NRK

– Det oppleves veldig dramatisk og det er nesten uverkeleg at noko slikt skjer i Namsos, seier ordførar Morten Stene etter knivstikkinga ved Namsos bo- og servicesenter onsdag føremiddag.

Tatt og sluppe fri

Det var like før klokka 1000 ei kvinne i trettiåra blei funnen knivstukken ved Namsos bo- og servicesenter.

Kvinna er ifølge St. Olavs Hospital livstrugande skadd og tilstanden er ustabil.

LES OGSÅ: Pågrepet person løslatt

Ei kvinne i femtiåra blei tatt av politiet onsdag føremiddag. Etter nærmare undersøkingar blei ho sluppen laus igjen.

– Etter samtale med vedkommande og andre opplysingar i saka, ser vi ikkje på ho som gjerningspersonen som står bak knivstikkinga, opplyser Nord-Trøndelag politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet har beslaglagt ein kniv frå åstaden. Dei har også søkt om hjelp frå Kripos både til taktisk og teknisk etterforsking.

(Artikkelen held fram under bildet)

Pasienter evakueres med buss

Bebuarane blei køyrd bort i ein buss.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Tøft for dei involverte

I blokk A i bufelleskapet bur det i dag 23 personar. Dette er rusmisbrukarar, psykiatriske pasientar og funksjonshemma.

Dei fleste av bebuarane blei evakuerte fordi politiet var redde for at gjerningspersonen også var inne i bygget. Dei blei plassert i ein buss og køyrd til ein trygg stad.

Nokon kunne av ulike årsaker ikkje evakuerast frå bygget. Dei blei sikra i ein del av omsorgssenteret sammen med personell.

– Tilsette og bebuarar ved Namsos bo- og servicesenter opplevde situasjonen som dramatisk. Det at ein bebuar blei skadd, politi og stor oppstandelse gjer at dette blir ei oppleving som set spor i folk, seier helse- og omsorgssjef i Namsos kommune, Morten Sommer.

Møte med dei tilsette

Utover kvelden har dei tilsette hatt møte med kriseteamet i Namsos kommune.

– Dei tilsette vil få høve til å dele erfaringar og opplevingar dei har hatt gjennom dagen, seier Sommer.

Bustadane i omsorgssenteret blir ikkje opna igjen i kveld og kommunen jobbar med å skaffe alternativ innkvartering for dei av brukarane som treng det.

– Mange av dei pårørande har tatt kontakt og sagt at dei tek heim sine. Det er vi takksame for. Dei dette ikkje er eit alternativ for, blir innkvarterte på hotell i Namsos, seier Sommer.

Roleg og beherska

Personalet ved Namsos bo- og servicesenter har ifølge helse- og omsorgssjefen takla saka veldig roleg.

– Vi er veldig glade for den måten personalet har handtert saka på. Det har gått veldig stille for seg og vi har ikkje hatt nokre reaksjonar frå andre, seier Sommer.

Først i torsdag morgen blir det klart kva som skjer vidare.

Politiet i Nord-Trøndelag har oppretta eit telefonnummer som pårørande kan ringe. Nummeret er 74 12 10 75.