Hopp til innhold

Politiet har beslaglagt ein kniv

Kripos er på veg til Namsos for å hjelpe politiet med å finne gjerningspersonen.

Knivdrama i Namsos

Knivstikkinga skjedde inne på Namsos bo- og servicesenter.

Foto: NRK

– Vi har beslaglagt ein kniv frå åstaden, seier lensmann i Namsos og Fosnes, Stein Erik Granli på ein pressekonferanse klokka 1700 onsdag ettermiddag.

Det var like før klokka 1000 onsdag morgen at ei kvinne i trettiåra blei funnen knivstukken inne på Namsos bo- og servicesenter.

– Vi har ein gjerningsperson laus, men det er ikkje farleg å vere i Namsos.

Livstrugande skadd

Politiadvokat Jørgen Aunet og lensmann i Namsos og Fosnes Stein Erik Granli

Politiadvokat Jørgen Aunet og lensmann i Namsos og Fosnes Stein Erik Granli.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Kvinna, som er alvorleg skadd, blei først behandla ved Sykehuset i Namsos, før ho blei sendt vidare til St. Olavs Hospital i Trondheim med helikopter.

Ifølge sjukehuset har kvinna svært alvorlege skadar og tilstanden er uavklart onsdag ettermiddag.

Ei kvinne i femtiåra som er tilknytt Namsos bo- og servicesenter blei tatt av politiet i føremiddag, men ho er sjekka ut av saka.

– Vi driv søk etter gjerningsmannen no og har sperra av heile bu- og servicesenteret. Vi er i gang med undersøkingar på åstaden, både tekniske og taktiske, seier lensmannen.

Hjelp av Kripos

Knivstikking Namsos bo- og servicesenter

Politiet jobbar ved Namsos bo- og servicesenter.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Fleire tilsette og bebuarar ved Namsos bo- og servicesenter er avhøyrde av politiet.

– Politiet har bedt om hjelp frå Kripos både på teknisk og taktisk etterforsking, seier Granli.

Fram til klokka 1500 kontrollerte politiet all trafikk ut av Namsos, men det gav ingen resultat.

Evakuerte bebuarane

Bebuarane ved Namsos bo- og servicesenter blei flytta over i ein buss rundt klokka 1100 onsdag føremiddag fordi politiet var redde for at gjerningspersonen var inni bygningen.

Bussen blei køyrd til ein trygg stad. På senteret bur det utviklingshemma og brukarar med rus- og psykiske problem.

A-blokka ved Namsos bo- og servicesenter er sperra av og bebuarane er under oppsyn av folk frå kommunen.

– Vi er takksame overfor ein del av dei pårørande som har tatt kontakt med oss og tatt sine heim og for å ta vare på dei, seier ordførar i Namsos, Morten Stene (Ap).

Knivstikking Namsos

Innsatsleder Morten Heggdahl ved Namsos lensmannskontor.

Foto: Espen Sandmo / NRK