KALFARVEIEN 31: Huset er ein miniatyrversjon av det tidlegare Leprasjukehuset i Bergen, som no husar både Medisinsk Fødselsregister og Institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen. Byggfruene, tre i talet, tilhøyrer sistnemnte og har i eit par år gått med ein draum om å gjenskape huset i pepperkakedeig. I år tok vi endeleg mot til oss, og som dei forskarane vi er, gjekk vi vitskapleg til verks. Vi målte veggar og vinklar, og rekna ut rette mål, før vi bakte og konstruerte. Arkitekt heiter Lillan, bakemester heiter Reidun og byggesjef heiter Trine. Det ferdige huset målar 75 cm på tvers (midtstolpen), og kvar av endeveggane er 60 cm. Med unntak av nokre piper og små anneks er huset ein tru kopi av originalbygningen. Prosjektet tok 3 dagar å gjennomføre - og vi er stolte av at sluttresultatet blei så flott! Neste år skal vi avansere med utskorne vindauge og lys.
Foto: Nina Reigstad, Bergen