Hopp til innhold

Marknaden mister trua på Norske Skog

Aksjekursen stuper og gjeldsforsikringa er rekordhøg. No mister marknaden trua på Norske Skog.

Norske Skog på Skogn.

I FARE: Marknaden mister trua på Norske Skog. Arbeidsplassane her på Skogn står i fare om konsernet går konkurs.

Foto: Gorm Kallestad/Scanpix

Pål Ringholm, Analysesjef kreditt i First Securities

- SER FARE FOR KONKURS: Det seier analysesjef Pål Ringholm i First Securities.

Foto: First Securities

- Aksjemarknaden, kredittmarknaden og kredittratingbyråa ser no ei reell fare for at Norske Skog går konkurs, seier analysesjef Pål Ringholm i First Securities til Adresseavisen.

Selskapet har hatt problem dei siste åra, men starta 2011 godt. Men sidan januar har aksjekursen falle med 80 prosent.

- Er du villig til å forsikre meg mot at Norske Skog går konkurs dei neste fem åra får du ei årleg rente på 31 prosent, seier Ringholm.

Konsernet har per i dag 8,4 milliardar kroner i renteberande gjeld. Sidan 2007 har dei ikkje hatt eit positivt årsresultat, og ein reknar ikkje med at dei kjem til å tene pengar med det fyrste.

Viktig kvartal

- Råvarekostnadene har auka. Samstundes har ikkje salsvoluma auka så mykje som venta, seier analytikar Thomas Nielsen i Pareto Securities.

Kombinert med ei dyr refinansiering av gjeld i mai gir det ein stor nedgang for konsernet meiner han.

- Tredje kvartal blir veldig viktig for selskapet, seier han til avisa, og viser til ein låneavtale som Norske Skog slit med å halde.

- Prøver å betre situasjonen

- Det er ingen tvil om at marknaden ser konkurs som eit mogleg utfall no, seier Nielsen.

Kommunikasjonsdirektør Carsten Dybevig i Norske Skog seier dei sel unna eigedelar som ikkje høyrer til drifta, og gjer tiltak som vil vere effektive over tid.

- Me har midlar fram til 2017, og prøver å betre driftssituasjonen, seier han.