Hopp til innhold

- Dette er berre prat

Fyrstekandidaten i Rødt i Trondheim har ikkje tru på full sjukeheimsdekning. Også Høgre, Venstre og Frp stiller spørsmål ved Ap si gladnyheit.

Arne Byrkjeflot

- BERRE PRAT: Det meiner fyrstekandidat Arne Byrkjeflot i partiet Rødt om Ap sin påstand om full sjukeheimsdekning i Trondheim.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Ein kjem til å trenge mellom 180 og 200 plassar berre for å halde tritt med utviklinga, så lover ein berre 120, då føler eg meg ikkje rolegare, seier fyrstekandidat i Rødt, Arne Byrkjeflot.

Han møtte leiar Rune Olsø i Trondheim Ap til debatt i ettermiddagssendinga til NRK Trøndelag.

Jens Stoltenberg og Rita Ottervik

- FULL SJUKEHEIMSDEKNING: Det sa Jens Stoltenberg og Rita Ottervik tysdag. Ikkje alle tar det for god fisk.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

Bakgrunnen er nyheita som Arbeidarpartiet kom med då statsminister Jens Stoltenberg og Trondheimsordførar Rita Ottervik møtte opp på Persaunet gamlehjem i Trondheim tysdag ettermiddag.

- Me ser at Trondheim igjen går foran, sa Stoltenberg, og viser til at Trondheim var tidleg ute med full barnehagedekning.

Men påstanden frå Ap vekkjer reaksjonar i det politiske miljøet.

- Respektlaust

- Eg stiller meg veldig undrande til at dei kan seie noko slikt, seier Grethe Enlid. Ho er sjettekandidat for Frp i Trondheim, og også dagleg leiar for Trondheim private Omsorgstjeneste.

- Det er respektlaust mot alle dei som ikkje får plass, seier ho.

Sjølv delte ho nyheita om full sjukeheimsdekning på si Facebook-side, og seier ho har fått spørsmål frå kommune-tilsette om kvar plassane er.

- Dette blir søkt, seier Enlid.

Ho viser til at det ikkje er lov til å ha venteliste for sjukeheimsplass. Dermed vil tala også lyge.

Diskusjonstema

Ho får støtte frå kommunalråd i Høgre, Merete Baustad Ranum.

- Ein kan diskutere om ein har full sjukeheimsdekning når ein ser at mange som vil ha enkeltrom ikkje får det, seier ho.

- Trondheim er dårlegast på enkeltromdekning, noko Høgre vil gjere noko med, seier Baustad Ranum.

Planen som det blir bygd sjukeheimar etter har alle parti stått samla bak, fortel kommunalråden, og legg til at ikkje alt er rosenraudt i eldreomsorga i trønderhovudstaden.

- Ein rapport frå Helsetilsynet viste at det føregjekk ulovleg tvang ved tre Trondheimssjukeheimar, seier ho.

Ein gjennomgang Kommunal Rapport har gjort viser at manglande opplæring er den vanlegaste grunnen til at reglane om tvang om makt blir brukt.

- Det er alvorleg at tilsette ikkje får nok opplæring, seier Baustad Ranum til nrk.no.

Støtte frå Venstre

Også kommunalråd Jon Gunnes frå Venstre stiller seg tvilande til nyheita Ap tysdag presenterte.

- Dette er basert på skjønn frå eit forvaltningskontor som til ei kvar tid har oversikt over ledige plassar og folk i kø, seier han.

Han stiller også spørsmål om kor sjuk ein må vere for å kome i kø for ein sjukeheimsplass, og kven som til sjuande og sist avgjer kven som får plass.

- Skal vere full sjukeheimsdekning

I "God ettermiddag, Trøndelag" tysdag la likevel leiar Rune Olsø i Trondheim Ap vekt på at dette er eit løfte partiet vil halde.

Rune Olsø

- LØFTET ER FULL SJUKEHEIMSDEKNING: Det seier leiar i Trondheim Arbeidarparti, Rune Olsø.

Foto: Arbeiderpartiet

- Løftet frå Arbeidarpartiet er at det skal vere full sjukeheimsdekning så lenge me styrer i Trondheim. Alle eldre som treng det skal få sjukeheimsplass. Det handlar om tryggleik og verdigheit for dei som har bygd dette landet, seier han.

- Skjønnsspørsmål

Mykje av grunnen til klagen frå partiet Rødt er at dei meiner Ap ikkje lovar nok. For trass i at 120 plassar blir lovd, viser utrekningar at ein vil trenge mellom 180 og 200 plassar dei neste åra, sa Byrkjeflot.

- Forskjelen på full barnehagedekning og sjukeheimsdekning er at når ungane blir eitt år, så veit du nøyaktig kor mange plassar du treng. Når det gjeld sjukeheimsdekninga, så er det eit skjønnsspørsmål, seier han.

- Å kalle dette ein bløff er uverdig, seier Olsø.

- Treng me å bygge 120 plassar skal me gjere det, treng me 150 plassar skal me bygge det, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.