- Målet er å vise at elbilar fungerer på same måte som andre bilar, seier Bjørn Ove Berthelsen.
Han er prosjektansvarleg i Green Highway, og lanserte måndag planane om seks elektriske drosjer i Trøndelag. Fem av desse skal Trøndertaxi i Trondheim bruke, medan den siste vil vere stasjonert hjå Stjørdal Taxi.
- Trondheim er nok mellom byane med mest erfaring med elektrisk taxi i Norden, men dette er ein større skala, ein ny type bil, og med hurtigladestasjonar, seier Berthelsen.
- LES OGSÅ:
- Spennande
For hurtigladestasjonane blir viktige i prosjektet. Med kort oppladingstid for drosjene skal dei kunne fungere som vanlege bilar. I fyrste omgang blir det montert ein stasjon på Trondheim lufthamn Værnes og to i Trondheim. Men dette kan bli utvida, seier Berthelsen.
- Håpet er at dette også kan gjelde andre enn drosjer seinare, seier han til NRK.
- LES OGSÅ:
Måndag fekk drosjesjåfør Arild Mathisen prøve ei av dei nye drosjene. Han er mellom dei som kan få desse bilane som ny arbeidsplass. Etter turen var han godt nøgd med forsøket.
- Det var spennande, ein artig tur, seier han. Og at han vil prøve igjen ser han ikkje vekk frå.
- LES OGSÅ:
- Skrekkblanda fryd
Prosjektet har vore planlagt sidan tidleg i år, og blir no sett i gong ved at hurtigladestasjonane blir monterte. Etter det vil testane av drosjer starte i månadsskiftet oktober/november, før drosjene blir sette i ordinær drift før nyttår.
- Det er med skrekkblanda fryd me gjer dette, seier Berthelsen.
- Me har planlagt det grundig, men me tar ein risiko med det. Det skal vere i vanleg drift frå dag ein, seier han.