Han kom frå Nybergsund i 1. divisjon og hadde aldri spelt eit minutt i Eliteserien.
Søndag kveld vann nigerianske Kim Ojo fansens hjerter då han latterliggjorde Rosenborg i Branns 2-1 siger.
– Det var for å oppleve dette eg kom til Brann. Publikum var fantastiske. Eg takkar gud og medspelarane mine for dette, seier Ojo til NRK.no.
- Ekspertane ventar at Brann vil slite i årets eliteserie. Kva trur du etter dagens kamp? Diskutér nedst i saka!
Maktdemonstrasjon
Om Ojo held fram som i serieopninga kan han fort bli ein dominant profil i den øvste divisjonen.
- Mot Rosenborg traff Brann tverrliggaren tre gonger. To av treffa var signert Kim Ojo.
- Nemnde Ojo opna bergensarane sitt scoringsball i Rosenborgs marerittkveld då han heada bergensarane i føringa.
- Nigerianaren blei også regissør i kampen då han like før pause assisterte Bjørnar Holmviks 2-0-scoring.
(artikkelen held fram under biletet)
Skarsfjord ventar nedturar
Eit Brann i sterk motvind er venta å slite denne sesongen. Økonomiske byrder og ein ung spelarstall er grunnen til dette.
Difor har trenar Rune Skarsfjord hatt ein enorm jobb med å motivere disiplane sine. Han er også klar for å møte periodar med stor motgang i serien.
– Vi må takle å få noen karamellar av og til. Det kjem vi også til å få. Vi har eit ungt lag og kjem ikkje til å levere som i dag kvar gang, seier Skarsfjord.
Heimelaget stakk av med tre overraskande poeng mot Rosenborg, men Skarsfjord held beina godt planta på jorda.
– Publikum i Bergen tar av i medgang. Det er viktig at vi ikkje mistar bakkekontakten.
Les om dei andre eliteseriebataljane her:
- Lillestrøm valset over Stabæk
- Start straffet slurvete Odd
- Rush-mål sikret Tromsø-seier
- Sogndal snubla i comebacket
Jönsson: – Kan ta tid å nå toppen
Under kampen var Rosenborg ikkje i nærleiken av å skape noko som helst før Mushaga Bakenga reduserte for gjestane i det 68. minutt.
Nærmare siger kom ikkje trønderane i serieopninga.
– Vi har mange nye spelarar. Eg trur det er ein del av grunnen til at vi ikkje leverte frå vår beste side i dag, seier Rosenborg-trenar Jan Jönsson.
Jönsson er ikkje superoptimist med tanke på suksess i nær framtid.
– Det vil kunne ta tid før vi er på topp, fortel Jönsson.