Hopp til innhold

TIK godtek ikkje nedrykk

Trondheim ishockeyklubb godtek ikkje nedrykk til 2. divisjon og har bestemt seg for å anke vedtaket.

Trondheim ishockeyklubb-Vålerenga 2-3 e.s.
Foto: Morten Holm / Scanpix

Klubben mister lisensen sin fordi dei ikkje har fått dei nødvendige underskriftene frå kreditorar som var villige til å ettergi gjeld.

- Når forbundet oppdagar at det manglar dokumentasjon, bør dei ta kontakt med oss og høyre kor raskt vi kan skaffe det, seier Tommy Iversen, som er marknadssjef i Trondheim ishockeyklubb, til NRK Trøndelag.

Vil anke saka

Trondheim ishockeyklubb hadde fått ned gjelda frå fem millionar kroner til tre millionar kroner, men det var ikkje godt nok for Ishockeyforbundet.  

- Vi skreiv eit klagemål, som var ferdig klokka 23.45 torsdag kveld. Det har vil allereie sendt til forbundet. Der ber om at saka blir sett på nytt, og at vi får ein kort frist på å skaffe den siste dokumentasjonen, seier Iversen.  

Forbundet står på sitt

Men president i Norges ishockeyforbund, Bjørn Ruud, er ikkje open for diskusjon.

- Det er ikkje fleire fristar og nivå på klagemål for den kommande sesongen, så dette var siste ord frå oss i denne omgang, seier Ruud til NRK Trøndelag.

Dyster framtid for klubben 

Tommy Iversen i TIK ser for seg ein tung situasjon for klubben om klagemålet ikkje vinn fram.

- Eg ser inga mulegheit til å drive klubben vidare om vedtaket blir ståande. Det er klart dette vil få store konsekvensar både for klubben og for trøndersk ishockey, seier Iversen.