Hopp til innhold

Lov å bade med burka

I Trondheim har burkabadande kvinner i kommunale badebasseng vakt reaksjonar. Men muslimske kvinner som vil bade med kleda på kan gjere det.

Julebad i bølgebassenget i Pirbadet

På grunn av god rensing kan dei som vil bade med kleda på.

Foto: Tor Beisvåg

– Konklusjonen er faktisk ja, seier leiar for idrett og friluftsliv i Trondheim kommune, Ellen Birgitte Strømø.

Eit avisinnlegg frå ein gjest i Husebybadet tidlegare denne veka, fekk Trondheim kommune til å sjekke saka. For gjesten reagerte på at personar i burka, genser og bukse, brukte bassenget.

– Vi må seie at vi ikkje ønskjer at folk skal bade med kleda på, seier Strømø.

Men alle som bruker burka, hjab eller vadmjølsbukser og selbukofte, kan faktisk hoppe i bassenget med kleda på .

Godt rensa

– Alt vatnet som er i anlegget vårt har i løpet av to timar vore i kjellaren og blitt rensa og tilført klor, seier driftsleiar ved Pirbadet i Trondheim, Tor Heimdal.

– Og klor er då ei gift som drep alt organisk materiale.

Pirbadet er eitt av 19 som er med i Badelandsamanslutninga i Noreg. Og dei følgjer alle ei forskrift frå 1996 om korleis vatnet skal sirkulere og reinsast. Dermed har det vore lov for alle å bade med kleda på i femten år.

Overraska

Styreleder Ali Gotvassli i Islamic Cooperation i Steinkjer

Styreleder Ali Gotvassli i Islamic Cooperation i Steinkjer sier dei ikkje kjenner til dette.

Foto: Mette Moslet Kjesbu / NRK

På Steinkjer sit Ali Gotvassli, leiar i Islamic Cooperation Trøndelag. Han visste heller ikkje at muslimske kvinner har lov å bade med til dømes burka på Dampsaga bad.

– Folk som arbeider på bada må få kjennskap til denne loven. Mange av dei kvinnene det gjelder kan ikkje symje i det heile. Dei kjem til oss og seier at dei vil leie ein symjehall, seier Gotvassli.

– Vi vet at mange av dei ikkje kan symje, vi hadde håpa at dei vil lære seg det, seier Heimdal.

Bademeisteren i Pirbadet, som er det mest besøkte i Noreg reknar med at dei aller fleste framleis vil bade med minst mogeleg på kroppen i det påstått godt reinsa vatnet.