Hopp til innhold

Jaktar giftstoff i underlagsmatter

Ekspertar frå Trondheim undersøker om underlagsmatter brukt i barnehagar over heile verda gir stoff som kan vere kreftframkallande.

Disse mattene er fulle av bly

Slike matter blir brukt på leikeplassar og i barnehagar.

Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

– Det er mellom anna PAH som er tjærestoff, det er masse sink, fenolar og ftalatar, seier avdelingsingeniør i Trondheim kommune, Lise Støver, til NRK.no.

Svært skadelege matter

Rolf Tore Ottesen

Rolf Tore Ottesen.

Foto: Per Ivar Rognes / NRK

Ho og Rolf Tore Ottesen, som er seniorforskar ved Norges geologiske undersøkelse (NGU), er på ein lagerplass som Trondheim kommune disponerer på Jakobsli.

Her er raude og svarte underlagsmatter av gummi stabla i svære haugar. Mattene er laga for at unger som blir litt for ivrige i leiken ikkje skal slå seg så hardt når dei dett ned frå husker og klatrestativ.

Men underlaget kan gjere meir skade enn fallet frå leikestativet ville ha gjort.

– Dette er eit døme på gjenbruksspøkelse. Vi gjenvinn produkt og det kjem då inn i nye produkt ting vi absolutt ikkje vil ha der, seier Rolf Tore Ottesen.

Dannar oljelag

Måleinstrument

Med eit slikt instrument måler ekspertane innhaldet i underlagsmattene.

Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

Mattene er stappfulle av skumle stoff og kommunen slutta med å kjøpe inn leikeunderlaget i sommar.

No prøver kommunen og NGU, med midlar frå Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif), å finne ut om stoffa kan smitte av i bakken og på små barnehender.

Dei regnvåte mattene har lagt eit tynt oljeliknande lag på hendene til dei to som undersøker dei.

– Stoffa renn ut av mattene. Dei sit ikkje fast i mattene og er tilgjengelege både for miljøet og folka rundt, forklarar Lise Støver.

Produsert i Tyskland

Mattene som Trondheim kommune har kjøpt inn kjem frå to ulike produsentar i Tyskland. Då kommunen kjøpte inn leikemattene, blei det ikkje sjekka kva dei var laga av.

– Dette har vi ikkje tenkt på tidlegare. Det er ganske nytt å fokusere på miljøgifter i produkt, seier Støver.

Om dei skumle stoffa smittar av så mykje som ein har mistanke om, må det settast i gang eit stort ryddeprosjekt for å få fjerna gummiunderlaget så raskt som muleg både i Noreg og resten av Europa.

– I første omgang sluttar vi å legge ut matter, så må vi vurdere i kva grad vi skal fjerne matter i ettertid og eventuelt den jorda det har runne ut til, viss det har gjort det, seier Støver.

Ho legg til at dei då vil gå over til å nytte støypesand igjen.

Kostbar jobb

Resultata frå undersøkingane er etter planen klare ved juletider. Om det renn ut så mykje giftstoff som ein har mistanke om, er det ikkje berre i Noreg mattene må røskast opp og destruerast.

Desse mattene blir brukt i parkar og barnehagar over heile Europa. For norske kommunar kan dette bli ein dyr jobb.

– Det er ikkje noko komplisert jobb, men mattene må brennast og det blir ein dyr affære i tilfelle, seier Støver.