Hopp til innhold

Retten avgjer om sommarskirennet blir avlyst

Skjebnen til sommarskirennet på Kirkebyfjellet i Meråker blir avgjort i retten denne veka.

Stjør- og Verdal tingrett

KAN AVLYSE RENNET: Saka er oppe i Stjør- og Verdal tingrett.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Prosessfullmektig Tine Larsen og Roar Aspaas

VIL HA RENN: Prosessfullmektig Tine Larsen og Roar Aspaas frå Meråker Aktivitet.

Laurdag skal sommarskirennet i Tour de Trøndelag etter planen sparkast igong i Meråker. Men rennet kan bli avlyst i siste liten, dersom retten meiner at aktiviteten øydelegger for reinbeitet.

– Skremmer vekk reinen

– Problemet med rennet er at reinen kan flykte langt avgarde og ikkje komme tilbake til viktige beiteområde på lenge, sa prosessfullmektig Knut Henrik Boehlke i Stjør- og Verdal tingrett i dag.

Han representerer Feren reinbeitedistrikt, som vil stoppe rennet i Tour de Trøndelag.

– Eliteskilauparar skal få leike seg, men ikkje når det går ut over reindrifta, sa Boehlke i retten.

– Ikkje rein i dette området

Arrangør Meråker Aktivitet meiner på si side at sommarskirennet vil vere uproblematisk for reindrifta.

– Det er ikkje sett rein i det aktuelle sommarbeitet på mange år. Det vil òg vitne stadfeste i retten, sa Tine Larsen, prosessfullmektig for Meråker Aktivitet i retten i dag.

Områdestyret for reindriftsforvaltninga i Nord-Trøndelag vedtok først at skirennet skulle stoppast, men endra vedtaket etter at Meråker Aktivitet klaga.

Har prøvd å bli einige

Partane har freista å komme til ei minneleg løysing. Prosessfullmektig Boehlke foreslo før helga at skirennet kunne gå utan bruk av ATV og speakerteneste, samt at Meråker Aktivitet betaler 100.000 kroner i kompensasjon.

Meråker Aktivitet har avvist dette, men tilbyr å betale meirutgifter i samband med gjeting dersom reinen er i området under skirennet.

– Dette viser ei manglande forståing frå Meråker Aktivitet, sa prosessfullmektig Boehlke i retten.

I morgon føremiddag vil retten avgjere om rennet blir avlyst eller ikkje. Ein eventuell anke frå nokon av partane vil kome opp for seint til kunne å gjere nokon forskjell.