Hopp til innhold

Vil avlive myten om kriminelle gen

Stipendiat Solveig Abrahamsen ved forskningsinstituttet NOVA vil genteste norske fengsel.

DNA
Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Solveig Abrahamsen

FORSKAR: Solveig Abrahamsen er stipendiat ved NOVA i Oslo.

Foto: NOVA
Trondheim fengsel

KRIMINELLE GENER: Abrahamsen ønsker å forske på innsette blant anna i Trondheim fengsel.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Eg ønsker å avlive mytane om «det kriminelle genet». Eg vil sjå om gen som ein har trudd aukar risikoen for kriminell åtferd eigentleg aukar risikoen for å søke spenning, seier Solveig Abrahamsen, stipendiat ved Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

«Kriminelle» politimenn

Abrahamsen trur blant anna at politifolk og spenningssøkande kriminelle har mykje til felles, og at dette kan forklarast av dei same gena.

– Det same gjeld grupper som til dømes driv med risikofylt sport, forklarer stipendiaten.

– Problematisk

Kriminalomsorgen i Trondheim seier nei til prosjektet, saman med fleire andre regionar.

– Vi er rett og slett litt bekymra. Vi må ta vare på rettane til dei innsette, og føler at dei etiske problema er for store til at vi kan seie ja, seier assisterande regiondirektør Cato Fransen i Kriminalomsorgen region nord.

Dermed står Abrahamsen att med kun eitt fengsel å drive forsking i. Det gir eit for dårleg grunnlag, og ho vil anke avgjerda.

Omstridd biologi

Forsking på biologiske årsakssamanhengar er omstridd i Noreg. Det er blitt spesielt tydeleg etter at Harald Eia tok opp temaet i NRK-programmet Hjernevask.

Harald Eia

FEKK KRITIKK: Biologiske årsakssamanhengar kom på dagorden med Harald Eia-programmet Hjernevask.

Foto: Ole Kaland / NRK

Solveig Abrahamsen er redd for at hennar prosjekt blir forveksla med deterministiske forskingsteoriar.

– Det har vore ein vond tradisjon i forskinga der ein har leitt etter det kriminelle genet og gått ut frå at dersom ein er fødd kriminell så er det ingen veg tilbake, fortel Abrahamsen.

Nettopp slike myter vil ho avlive gjennom si forsking.