Hopp til innhold

Siste bunadsinnspurt før 17. mai

– Her har det vore kaos sidan vi opna i dag, seier dagleg leiar ved Husfliden i Trondheim.

Kundar på Husfliden

SISTE SJANS: Dagleg leiar Guri Anne Ustad (t.v.) hjelper Hilde Falk, Jannicke Lyse og Marit Lyse med jakta på bunadssølv.

Foto: Mari Langva / NRK

Trønderbunad

TRØNDER: Det er litt jobb å gjere bunaden klar til nasjonaldagen. Her er skjorte og søljer på plass.

Foto: Mari Langva / NRK
Guri Anne Ustad

KLAR: Sjølv har dagleg leiar Guri Anne Ustad bunaden klar med alt tilbehør.

Foto: Mari Langva / NRK
Bunadsko

NYE SKO: Mange har vore innom og kjøpt nettopp det hos Husfliden i Trondheim i dag.

Foto: Mari Langva / NRK

I dag er siste sjanse til å ordne det ein treng til bunaden 17. mai. Ved Husfliden i Trondheim er det fullt kjør.

– Mange gløymer

– Folk har gløymt å sjekke skjorta si frå 17. mai i fjor, og ser plutseleg at den er slitt, gul eller holete. Og så er det mange som merkar at bunaden har krympa i skåpet sidan i fjor, seier dagleg leiar Guri Anne Ustad spøkefullt.

Så seint som i dag har desperate folk teke kontakt for å høyre om Husfliden kan ordne på bunaden i siste liten. Det er dessverre for seint.

– Vi har vore fullbooka i to månader allereie, seier Ustad.

Manglande tilbehør kan dei likevel hjelpe til med. Ein jamn straum av kundar kjem innom for å kjøpe mansjettknappar, strømper og søljer til nasjonaldagsfeiringa.

Stryketips

Ustad fortel at ho sjølv plar vere seint ute med å stryke bunadsskjorta si. I år har ho derimot sørga for at skjorta allereie heng klar og nystroken i skåpet.

– Eit godt tips er å dynke ho i vatn i dag og stryke ho medan ho er fuktig. Så heng du ho opp og stryk ho igjen i morgon. Då er ho kjempefin til 17. mai, lovar Ustad.

For dei som har kjøpt seg nye bunadssko er det kanskje like viktig å få tips for å unngå gnagsår.

Falske bunader

Køa er lang for å skaffe seg ekte vare frå Husfliden. Framsida på Dagbladet i dag kunne på den andre sida fortelje om piratkopierte bunader som er produsert i utlandet. Ustad er klart kritisk til slike kopiar.

– Vi er opptekne av tradisjonane. Handtverket skal vere så norskt som mogleg. Vi likar ikkje falske bunader, seier ho.

Bunad-oppslag i Dagbladet

SKEPTISK: Guri Anne Ustad likar ikkje falske bunader.

Foto: Mari Langva / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.