Hopp til innhold

- Trudde ein bil traff huset

Tor Hatlen og kona sat i stova då dei brått høyrde eit eit smell i huset klokka 02.00 natt til søndag.

Video nsps_upload_2010_1_26_13_40_22_433.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

– Vi høyrde eit brak og risting i huset. Eg gjekk ut for å sjekke, fordi eg trudde det var ein bil frå vegen som hadde truffe oss, seier Tor Hatlen til NRK.

Han og kona var ein av dei første som blei evakuert frå huset sitt på Nordset i Klæbu i går kveld grunna sprekkdanningar i veggen.

Grunnmuren sprakk

Rasfare i Klæbu

Huset til Tor Hatlen har fått sprekker i grunnmuren.

Foto: Kristin Skei/NVE

Tor gjekk rundt huset sitt om natta, men såg ingenting sidan det var mørkt. Søndag morgon tok han ein ny tur ut for å sjekke huset.

– Eg såg at grunnmuren var sprukken og blei veldig undrande over sprekkene. Vi oppdaga også at dørene gjekk tregt og at det var sprekker i golvet og taket inni huset, seier Hatlen.

Han varsla raskt Klæbu kommune og politiet. Dei første bebuarane blei evakuert mandag kveld.

Heile grenda evakuert

Evakuert område Klæbu

Grenda Nordset i Klæbu er evakuert grunna rasfare.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Tirsdag føremiddag valte politiet å evakuere resten av innbyggarane i grenda Nordset. I alt kring 14 bustadhus og nokre firmaer og verkstader.

– Vi tek ingen sjansar med tryggleiken, og difor har vi evakuert så mange. Det har gått veldig problemfritt, seier lensmann i Klæbu Marit Fostervold Johansen til NRK.

Dei som er evakuert får oppfølging frå kommunen i rådhuset i Klæbu.

Ingen har flytta tilbake

Det er uvisst når dei evakuerte bebuarane får flytte tilbake. Tor Hatlen, kona og dei tre barna på 18,15 og 13 har budd hos svigerfamilien sidan i går.

– Vi har ikkje planlagt så mykje, men blir buande der til vi veit noko meir, seier Tor Hatlen.

Ifølge opplysingar frå NVE skal det hittil ikkje vere konstatert kvikkleire i det området som no er evakuert.

Rasfare Klæbu kart Nordset

Rasfarlege stader i Klæbu.

Foto: skrednett.no