19.03.2010

Fare for lekkasje ved St. Olavs Hospital

St Olavs hospital (Foto: Scanpix)

Det er fare for lekkasjer frå kjøleaggregat over operasjonsstovene ved St. Olavs Hospital.

Det slår Det Norske Veritas fast i ein uavhengig tryggingsrapport, skriv Dagens Medisin.

Om det skulle skje ein lekkasje, vil det få store konsekvensar, sjølv om risikoen er liten, ifølgje rapporten.

– Vi har alt begynt å flytte kjøleaggregata i etasjen over operasjonsstovene i Hjerte-lunge-senteret og Bevegelsessenteret, og held no fram arbeidet, sjølv om Veritas-rapporten seier at ekstra kontroll er eit godt nok tiltak, seier direktør Johan Arnt Vatnan i Helsebygg Midt-Norge, til Dagens Medisin.

Frykta lekkasje

Leiinga ved sjukehuset har vore redde for å ta i bruk operasjonsstovene fordi dei frykta at vatn, støv eller røyk frå etasjane over skulle trenge gjennom lett-taka som var valt.

I alt 24 operasjonsstover er råka av problemet.

Administrerande direktør ved St. Olavs Hospital, Nils Kvernmo meiner rapporten verkar solid.

– Vi er veldig godt nøgde med dei tiltaka Helsebygg no gjer, seier Kvernmo.

Framleis i rute

Innflyttinga i Hjerte- og lungesenteret blir ikkje forseinka på grunn av ekstratiltaka, som har ein prislapp på fem millionar kroner.

I Bevegelsessenteret er operasjonsstovene enno ikkje tatt i bruk.

– Dei vil bli tatt i bruk så fort tiltaka er på plass, seier Kvernmo til Dagens Medisin.



NETT-TV TRØNDELAG

Nyeste bildegallerier

120 beboere ble evakuert under en brann i en høyblokk på Tempe i Trondheim. (Foto: Henrik Sundland/NRK)

120 beboere ble evakuert under en brann i en høyblokk på Tempe i Trondheim.

Foto: Henrik Sundland/NRK

120 evakuert fra brann i natt


KBS (Illustrason: Arkitektfirmaet Narud Stokke Wiig )

Nye KBS, slik planene er for nybygget.

Illustrason: Arkitektfirmaet Narud Stokke Wiig

Vet ikke hvor lenge de har jobb


NETT-TV TRØNDELAG

Siste riksnyheter

NRKsport.no

50 siste Trøndelag